Vel heime
Og alt vel..
Etter en hektisk utvask og utpakking av bussen (mindre enn 20 min!) kom me oss alle endeleg trygt i seng i 23.00-tida i går kveld.
På vegne av meg sjølv vil eg takke alle som var med på turen for at de gjorde den så kjekk både for meg og alle andre som var med!
Takk for turen!
-Eide
Nærmare heim..
.. enn me er no, har me aldri vore på denne turen!
No står me på ferje-leiet i Helsingør og venter på ferja.
Bussen er heilt stille og sover søtt som bare det :)
Dagens høgdepunkt..
Nye dagsrapportar
No ligg det ute nokre ferske dagsrapportar, til og med ein på «tysk» til ære for Geir Johnny!
Enjoy!
Glimt frå dagen i dag
Her er nokre glimt frå dagen i dag.
Muligens kjem det nokre fleir i bildegalleriet i kveld..




Nye bilete
No er det lagt ut nokre nye bilete frå dagen i dag. Dei er teke i Le Tour øvst oppe i Chamonix-dalen.
Du finn dei her
Livsteikn!

Jada, me er i live - og vel så det!
Høg aktivitet i høgt landskap kjenner ein verkeleg godt i kroppen!
Etter ein hard dag i bakken og ein varm dusj, er det ikkje myjke krefter igjen i ein sleten kropp.. Av den grunn har det vore noko tynt med innhald her den siste tida, men det betyr ikkje at me ikkje kosar oss eller har det bra! Tvert imot..
Etter kvert vil det kome dagsraportar frå dei ulike dagane og fleire bilete/filmar, så slapp heilt av Geir Johnny ;)
Vi er framme!

No er det ut av bussen, på med skiklede, spise frukost og opp i fjellet!
Kan melde om STRÅÅÅÅÅLANDE sol og GOOOOD stemning!
Puss, puss så får du.. Klaus?

No er alle «tyggjereidskaper» (sitat Arne Sørheim) pussa reine og fine, fleecepleddet og puta er plassert komfortabelt.
Foran oss ligg det siste stykke motorveg inn mot målet.. For øyeblikket ser eg kun «Karlsruhe» på GPS’en, så eg antar me er/har vore i nærleiken deromkring..
Ser fram til ei god natt i ein god buss!
God natt!
-Eide
Riktig skikka morgon!

Me er schtraks i land etter ein finfin tur ifrå Oslo til Fredrikshavn i Danmark.
Gratulerar med dagen Daniel!

Daniel Schwartz fyller 18 år i dag og passerte ikkje umerka forbi pianobaren her på båten!
Gratulerar så mykje Daniel!
Første filmsnutt

Undervegs på turen vil me prøve å halde dykk oppdaterte med litt små filmsnuttar..
Den første som visar nokre klipp på turen ned til båten finn du her
(så snart me finn raskt nok nett til å laste den opp..!)
Ombordstigning til båten
Nå går me ombord på ah-ah-ah-aaaa Stena-Liiiiiiine
Ingrid er beinklar for god stemning på båten!
Snakkast snart!
Neste stopp: Gol

Det faste dobesøket på Gudvangen er nå historie og neste stopp på turen nedover er Gol.
Her i frå bussen kan me raportere om særs god stemning blant anna stellt i stand av Torstein og Nils som fremfører spørsmå frå den kjennde «Spørjeboka frå Kvam».
Me kan og raportere om at det er ein aldri så liten videoblogg i produksjon, så gled dykk!
No går eg for å samle inn DVD’ar - schnakkast!
-Eide








