| Rekordoppslutnad om ”Open helg” |
|
|
|
| Nyhende |
| Skrevet av Lars Arvid Oma |
| mandag 05. desember 2011 19:35 |
|
Tekst: Lisbeth F. Oma Foto: Lars Arvid Oma På ettermiddagen kunne elevene velja mellom fotball, rulleskøytehockey, toppidrett sykkel, basseng, juleverkstad og leik. Kvelden vart avslutta med haustens høgdepunkt, Talentiaden, som russen arrangerer. Her fikk gjestene presentert ulike talenter på skulen, som framførde song, musikk, trial-sykkel, film, dans, etc. Me håper mange sit igjen med ei positiv oppleving av Framnes, og at me får sjå dei igjen som elever hjå oss neste skuleår!
Tiandeklassingane fekk info om det siste nye på Framnes, Toppidrett sykkel.
Her er nokre av elevane i biologi VG3 som demonstrerer ekstrahering av DNA frå kiwi.
Her ser me elevar frå VG2 som arbeider med eit forsøk i biologi.
Tiandeklassingane følgjer med medan tredjeklassingane demonstrerer kunstene sine.
Det kan vera mykje moro i fysikk-undervisninga. Her er eit par elevar i sving med å måla høgde og fart.
Fartsmålingane vert overført til pc og prosjektør.
Kjemielevane viser litt av det dei har lært. Her er det "spalting av hydrogenperoksid". Då dannast det oksygengass som gjer at det vert danna mykje såpeskum som voks oppover i målesylindaren.
Her ser me såpeskummet tyt opp av glaset.
Tiandeklassingane låg som sild i tønne, men det var ikkje mange klager å høyra.
Ein av lærarane fortel om spenst og styrke på toppidrett fotball.
Nokre av karane på Framnes er sterke som oksar!
Skal ein verta sterk er det stort sett berre trening som hjelper.
Her får tiandeklassingane som får eit innblikk i treningslære. Her får dei prøva seg i ein lungevolumtest.
På ein av postane fekk tiandeklassingane innblikk i psykologi-faget. Framneselevane dramatiserte ulike former for oppdragelse; ettergjevande oppdragelse, autoritær oppdragelse og demokratisk oppdragelse. Etterpå var det tid til debatt.
Her eit døme på autoritær oppdragelse...
... og her frå ein familie med demokratisk oppdragelse. Kva er best?
Tiandeklassingane heiv seg med i samtalen.
Litt info om skulen må også til.
Leiarane for misjonsprosjektet informerer om Mercy Ships, som russen samlar inn pengar til.
Det vart ekstra travelt for kjøkkenet då Framnes fekk triveleg besøk av 117 tiandeklassingar. Det var totalt 340 i matsalen under kveldsmaten laurdag!
God stemning på kafeen, som tredjeklassingane driv på "Hemsen", til inntekt for misjonsprosjektet.
Tiandeklassingane held på med juleverkstad i peisestova. Foto: Håkon Bjelland
Personal-borna fekk også vera på juleverkstad. Foto: Håkon Bjelland
Tiandeklassingane i djup konsentrasjon under julekortproduksjonen. Foto: Håkon Bjelland
Det vart også tid til leik og moro. Foto: Håkon Bjelland
|









117 tiandeklassingar frå Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Buskerud deltok på Open helg første helga i desember. Målet var å gjera dei unge gjestene betre kjende med skulen. Oppslutnaden er ei dobling frå i fjor. Interessa for Framnes er med andre ord stor! Gjennom ulike aktivitetar fekk tiandeklassingane innblikk i fagtilboda, internatlivet og det sosiale livet på skulen. Laurdag føremiddag arrangerte lærarar og elevar 13 fagstasjonar som viste ein del av dei faga skulen tilbyr. (les meir under!)























