| Sterke opplevingar i Sierra Leone |
|
|
|
| Nyhende |
| Skrevet av Lars Arvid Oma |
| mandag 12. desember 2011 19:04 |
|
Tekst: Håvard Drange Foto: Kristin Eskeland Etter nokre dagar om bord på skipet, reiste me eit par timar ut av Freetown, til ein stad som heiter River Number Two. Ein av dei største kontrastane me opplevde då me kom ut av skipet, var kanskje det å få oppleve den enorme fattigdomen og nauda som er i landet. Om bord fekk me møte menneske som hadde fått hjelp; på land fekk me møte menneske som trengte hjelp. Det var både interessant og lærerikt å få snakke med dei som verkeleg får kjenne dette på kroppen, og lever i denne røynda kvar dag. Dei me snakka med hadde store draumar om framtida, og dei hadde verkelg trua på the language of hope, trass i at samfunnet ikkje legg opp til skulegang, løn eller legehjelp for store delar av befolkninga i landet.
|




















