| Samla inn 71.000 kroner! |
|
|
|
| Nyhende |
| Skrevet av Lars Arvid Oma |
| torsdag 02. februar 2012 10:42 |
Tradisjonen tru var det stor aktivitet på Framnesbasaren førre laurdag. Innsatsen frå arrangørar og deltakarar resulterte i om lag 71.000 kroner, som gode formål på skulen vil nyta godt av etter kvart. Det var over hundre menneske tilstades på basaren – som tydelegvis lever i beste velgåande. Karsten Oma, kvemming busett på Søreide, vann hovudgevinsten – ei flott bålpanne. Dei neste vinstane, eit tresnitt av Per Flatøy og fotoapparat gjekk til Maria Nyheim og Nora Augestad. Elles var det ei mengd vinstar som fekk nye eigarar.Som vanleg mangla det ikkje god mat og drikke, song og fine innslag. Noko du kan sjå av bileta under (les mer). ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |









Tradisjonen tru var det stor aktivitet på Framnesbasaren førre laurdag. Innsatsen frå arrangørar og deltakarar resulterte i om lag 71.000 kroner, som gode formål på skulen vil nyta godt av etter kvart. Det var over hundre menneske tilstades på basaren – som tydelegvis lever i beste velgåande. Karsten Oma, kvemming busett på Søreide, vann hovudgevinsten – ei flott bålpanne. Dei neste vinstane, eit tresnitt av Per Flatøy og fotoapparat gjekk til Maria Nyheim og Nora Augestad. Elles var det ei mengd vinstar som fekk nye eigarar.







