Fritidstilbod i Kvam PDF Skriv ut E-post

Norheimsund og Øystese ungdomskor:

(bilete)

Ungdomskoret er eit fint tilbod til deg som likar å synge. Koret har øving ein gong i veka og opptrer på nokre konsertar. For nærare informasjon sjekk ut: www.ungdomskoret.net

Origo ungdomsklubb:

(logo)

Origo er ein ungdomsklubb med fokus på fellesskap med Gud. Dei arrangerar spelekveldar, ”gospelnight” og diverse andre aktivitetar. Supert tilbod for deg som likar å vera sosial. Heimesida deira er: www.origo-ungdomsklubb.no

KRIK Kvam:

KRIK tyder Kristen idrettskontakt. På KRIK får du drive med diverse sportsaktivitetar, samstundes som du får ha det sosialt og morosamt i eit triveleg miljø. Vil du vite meir: www.krikkvam.net

Ridning:

(bilde)

15 minuttar frå Framnes med bil finn du Børve. Børve er eit stort hestesenter med 50 hestar. Her er det mogleg å ri, både for erfarne og mindre erfarne ryttarar. For nærare informasjon sjekk ut heimesida: www.borvegard.no

Basketball:

Ein gong i veka er det basketballtrening i Øystese (ti minuttar frå Framnes). Her kan både folk som kan spele frå før og folk som vil læra seg det ha det morosamt saman.

Fotball:

(bilde)

Fotball er svært populært i Kvam. Me har fleire fotballag både for jenter og gutar. Treningane foregår på kunstgrasbanen i Norheimsund. Verkar dette intressant: www.norheimsund.no

Andre tilbod:

  • Golf
  • Bowling
  • Segling
  • Volleyball
  • Korps
  • Klatring
  • Kajakk

 

 
RocketTheme Joomla Templates