Referat frå foreldrerådsmøte på Framnes

Tid: Laurdag 31. okt 2009 kl 1530 - 1730
Stad: Rom 4  på Framnes


Desse møtte:

For foreldra:  Magnar Drange, Jorunn Åse Hagen, Kristin Belt Skutlaberg, Olav Skeie Lid, Anne Grethe Ledahl, Eva Try, Anne Karin Hellesøy, Lars K Djupevåg, Tor Bendik Midtgarden

Frå skulen: Rektor Harald Voster og inspektør Jostein Moldsvor

Olav Skeie Lid var vald til sekretær i foreldrerådet. Det vart vedteke å inntil vidare leggja referatet frå foreldremøtet ut på nettet via Framnes sine heimesider. Skulen vil arbeida vidare med å finna ei betre løysing m.o.t. nettkontakt med foreldre.

Me tok ein liten runde der me tok opp spørsmålet om kva me ynskjer at foreldrerådet skal vera? Me einast om å freista vera prinsipielle, og ikkje verta eit utvida elevråd. Me vil prøva unngå for mange direkte småsaker, men heller vera ein diskusjonspartnar i relasjon skule/foreldre. Elevane vert oppmoda om å nytta elevrådet  i størst mogleg grad, då dette er eit formelt organ.

Saker frå klassane: (ein del av sakene gjekk att hjå mange av klassane)

1 a  – god mat på skulen!
- ynskjer fokus på nok søvn og nok ro for lekselesing
- skulen bør oppmoda elevane om fysisk aktivitet i fritida

1 b  –  god trivsel på skulen!
-     For mykje PC-bruk, både i skulesamanheng og i fritida. Nettet blir stengt
kl 2330 om kveldane - det opplevest for seint.
influensavaksine for alle!
”krig” mellom russ og 1. klasse, haldningsarbeid?
Kriting av varer i kiosk – kan det vera ei øvre grense?
Ynskje om sykkelhus!

1 c   - er det råd å organisera bagasjehenting frå Norheimsund sundag kveld?
- ynskje om kveldsmat for dei elevar som har vore på kveldskøyring i Eikedalen
- ein del kle forsvinn i tørkerommet. Tiltak?

2 a  - kjekt med utanlandsturar, - men dyrt. Billegare alternativ?
- kan me foreldre abbonnera på nyhendebrev via heimesidene på nettet?
- viktig at elevar er synlege, helst med refleksvest, når dei går/syklar mellom
Framnes og Norheimsund

2 b  - skulen har meir å henta på å verta synleg i media. Framnesnamnet må seljast inn
overalt der det kan finnast høve til det.
- heimesida har eit forbetringspotensiale.
- uoversiktelege fakturaer frå skulen?
2 c  - høg trivsel!
- saknar mat laurdag kveld, samt frukt dagleg
- kunne noko av infoen på møtet vore gjeve på nettet, for å spara tid. Det vert litt
Lite tid til det sosiale på desse foreldrehelgene.

3 a    - får elevane studievegleiing i 3 klasse? Reiser på studiemesser?
- dato for avslutningsdagen våren 2010?
- ynskje om spesifisert faktura
- ros til skulen: lett å få kontakt for foreldre som prøver.
- aktuelt med yrkespraksis i vidaregåande skule
- positivt med gratis mat på foreldredagen!

3 b    -  kva organsisasjonar vert inviterte til å presentera seg på Framnes?

3 c    – god info om Chamonix-tur, ynskjer det same for Tyrkiaturen. Skriftleg avtale
mellom elev/skule i forkant av turen?

Rektor  fekk gå gjennom ein del av det som vart kasta fram frå klassane. Her er nokre av dei moment han var innom:

Misjonsprosjekta er naturleg å leggja til organisasjonar som står ImF/Samskipnaden nær i teologi og i profil
Kriting i kiosk: Dette er eit prosjekt som russen driv, og evt. endringar må takast opp med dei.
Svineinfluensa: Rektor vil ta kontakt med kommunelege i Kvam og undersøkja om Kvam vil ta ansvar for alle elevar på Framnes.
Arbeidet med å innskjerpa rutinar for kven som til ei kvar tid er til stades på internata pågår kontinuerleg. Dette er viktig med tanke på branntryggleiken.
Nokre uheldige episodar på internata vil verta oppfylgde
han sa angående matservering at det med mat på laudag hadde vore prøvd, men at det då vart mykje kasting/feilberekning av mat bl.a. fordi elevene ikkje var flinke å sri frå kven som kom. Dette med matsituasjonen skal takast  opp i elevråd.
Skulepengar: Styret for skulen har fått forelagt seg eit framlegg til auke for komande år. Det vil verta berre ein faktura for skulepengar, utan spesifisering. Skuleturar går utanom fakturering frå skulen.


Det vart uttrykt glede over godt samarbeid mellom foreldre og skule, frå begge sider.

Neste foreldremøte: 13. februar


Referent: Olav Skeie Lid