Foreldrerådsmøte 14. aug. 2010

Foreldrerepresentantar 2010/11

1A: Jarle Sørås Vara: Anne Laupsa Bjelland
1B: Vidar Almberg  Vara: Solveig B. Nyborg
1C: Torleiv Tislevoll Vara: Anita Solbakk
2A Kjetil Bruvik Vara: Johannes Ådnanes
2B: Brit Hilde Finstad
2C: Kristin Belt Skutlaberg
3A: Lindy Kristoffersen
3B: Ona-Helen Olsen
3C: Hans Arne Børsheim

Sak 1. Konstituering:

Leiar: Jarle Sørås

Sekretær: Kjetil Bruvik

Sak 2. Kort innspel frå klassemøta:

1A: Ingenting

1B: Gratis skuleskyss. Litt usikkerheit.

1C: Ingenting

2A: Vart diskutert utanlandsturar og mat i helgene.

2B: Ingenting

2C: Spørsmå om romplassering kontra merknad/prikkar på internatet. (Svar: Merknader på internatet får konsekvensar for plassering av rom. Det står i internatreglementet.)

3A: Etterlyser varm-mat/laurdagskos om kvelden. Munnleg eksamen og pause.

3B: Misnøye med heimesidene. Vanskeleg å finne fram. Meir informasjon til foreldrene på heimesidene.

3C: Utanlandsturane. Problemet mellom 1. og 3. klasse. Merknadssystemet er blitt revidert. Heimebuarar som sluttar – Må takast betre vare på. Ser positivt på at ein av miljøarbeidarane jobbar spesielt mot heimebuarane. (Rektor orientert kort om artikkelen i Hordaland Folkeblad (HF) i sommar som prøvde å konstruere eit samarbeid mellom Framnes og Kvam Kristne Grunnskule (KKS). Men formann for KKS hadde ikkje sagt noko om samarbeid med Framnes, så det får stå for HF si rekning. Klasserepr. for 2C sa at mange i Kvam er skeptisk til KKS, og er redd for at den skepsisen skal smitte over til Framnes..)

 

Sak 3. Referat frå forrige foreldrerådsmøte:

Referat frå sist foreldrerådsmøte (13. febr. 2010) vart lagt fram og kort kommentert.

Det vart stilt spørsmål om mengden av timar utan (vikar)lærar. (Stort sett er det få timar som ikkje har lærar.)

I referatet står det òg ”nokre uheldige episoder på internatet vil verta fylgd opp”. Kva gjekk det ut på? Rektor hugsa ikkje heilt kva dette viste til, men orienterte om nokre episoder som me jobba med.

Forslag om kva me kan gjere for å forebygge konflikten mellom 1. og 3. klasse: Invitere politiet om hausten som forklarer russen om kor grensa går hen mellom kva som er kjekt og kva som er straffbart. (Framnes har prøvd dette tidlegare, men syntes at politiet var alt for ”snill”.)

Sak 4. Informasjon om utanlandsturane:

Bakgrunn:

Tidlegare år har elevane, i løpet av tre år, kunne vere med på maks 2 turar:

Alle: Språkturar til Tyskland og delvis Frankrike. Studiespesialisering kunne velge England/Skotland i staden. (kr. 5-6.000)

Studiespesialisering: Tyrkia (kr. 11.000)

Idrett: Tyrkia (fotball) eller Chamonix (ski). (Opp mot kr. 10.000)

Mange foreldre synes at det er blitt eit voldsomt pengemas om desse turane, då elevane vil ha med seg mest mogeleg.

I tillegg har Dep. stamma med at ”all undervisning skal vere gratis”. Dermed skal i prinsippet ein utanlandstur vere gratis. Anten må Framnes dekke dette inn gjennom skulepengane, men det er ein del praktiske problem med det. Eller at pengane blir samla inn på ein annan måte utan at det går innom Framnes sin rekneskap.

I vår var det ei foreldreundersøking om utanlandsturane. Foreldrerådsutvalet sendte ut ei undersøking til over 200 foreldre, og fekk 70 svar tilbake.

Formann i foreldrerådsutvalet i fjor (Eva Try) oppsummerte undersøkinga slik:

Dei fleste vil at Framnes gir tilbud om ein tur i løpet av 3 år, og at turen kostar maks kr. 10.000.

Rektor la fram eit skriv ”Forslag til retningslinjer for utanlandsturar”

Rektor ønske at foreldrerådet sender forslaget på mail til alle foreldre, og at foreldrerepresentanten for kvar klasse oppsummerer og sender svar til rektor innan 15. september.

Framnes 14. aug. 2010

Refr.: Jostein Moldsvor