Foreldrerådsmøte laurdag 30. okt. 2010  

Alle klassar tilstades. Endringar pga. at elevar har bytta klasser:

1B: Vara Solveig Nyvoll Solveig Nyborg er ny repr. og Anna Cecile Skeidsvoll ny vara.

2B: Kurt Sørås er ny repr., Dag Rune Lid framleis vara.

 

Innleiing v/formann (gj.g referat, innspel sidan sist, møte med rektor)  

 

Vedr. Utanlandsturar:

Forslag om å utsette påmeldingsfristen til 15. des.

Spørsmål om STUSP-elevar kan vere med på idrettstur til Chamonix. (Det må evt. vere spesielle søknadar viss det er ledig plass.)

 

Web-sida:

Innhold er no OK, men plattform/verktøy vert vurdert. Styrking av informasjonsarbeidet blir vurdert ifm budsjettet for 2011.

Det bør ligge ein direktelink til formann Jarle Sørås på heimesida. Elles har (dei fleste?) klassekontaktane gitt si mail-adresse til foreldra i sine klasser. (Framnes spør på søknadsskjemaet om mail-adresse til foreldre, men få elevar som fyller det ut.)

 

Grupper:

Tilbakemelding om at bibelgruppene fungerer godt. Bør oppfordre enda fleire elevar til å vere med.

 

Lekser:

Ønsker ikkje prøver på måndagar. Lekser bør leggjast ut på It`s learning tidlegare.

Generell oppsummering:

Tilfredsstillande situasjon på internatet i år. Samarbeidet mellom foreldre og skuleleiinga fungerer godt.

 

Tilbakemelding frå klassesamlingane

(enkelte emne er spelt inn frå fleire klassar utan nødvendigvis å stå fleire gonger)

>

1A:

Positiv tilbakemelding på miljøavdelinga.

 

1B:

Rolig og grei klasse.

Positivt med å bli invitert heim til kontaktlærar.

Geografiprøve rett etter haustferien, samt prøver på måndagar.

Ønsker ”lenger” lekseplaner.

Saknar varmmat på laurdagskveldane.

Saknar It's learning-pålogging for foreldre.

 

1C:

Sosial og fin klasse. Kanskje så sosial at det går ut over skulearbeidet?

Sidan ein del elevar ikkje er så medelsomme, er det viktig at det er ein god kontakt mellom skulen og foreldra (kan bi betre).

Det forsvinn ein del private klær og mat frå internata. (Husmor hadde ei sak der ein elev vart konfrontert med klær som var forsvunnet. Etter det var det mange klær som plutseleg var tilbake på tørkerommet.). Rektor ønskjer rask tilbakemelding ved evt nye slike tilhøve.

 

2A:

Elevundersøkinga: Kvifor skårar Framnes lavt på motivasjon og elevmedverknad?

Lærarar kjem seint, og blir borte frå undervisninga.

Sanitære forhold på Framheim B: Planar for oppussing?

Varm-mat laurdag kveld: Kanskje russen kan hjelpe til? Litt meir sosialt rundt maten? Matgrupper?

Saknar rektor sin song (og lærarpresentasjonar) på samlinga i dag.

Utanlandstur: Alternativ tur for dei som ikkje vel utanlandstur.

 

2B:

Flott tilbakemelding frå kontaktlærarane til klassa. Litt roleg klasse.

Misbruk av data under undervisninga.

Etterlyser slutt på all kriting.

Vil ha elevane med på klasseforeldremøta.

Ved manglande kjøkkenteneste: Ønsker anna ”straff” enn pengebot.

Tips: Elevane må skrive eit lite referat frå timane og sende til læraren, som tar stikkprøver.

 

2C:

Nøkkeldepositum: Ved tilbakebetaling står det ikkje at pengane kjem frå Framnes. Er det nødvendig å betale inn kvart år?

Oppropet frå Rettferdigskole.no må leggjast ut på heimsida.

Utanlandstur: Går det ut over ”småturane” som også er viktig for heimebuarane? Det kan igjen gå utover rekrutteringa av heimebuarar til Framnes. Ein miljøarbeidar har hovudansvar for heimebuarane, førebels berre sendt 2 SMS?

 

3A:

Møtte få foreldre.

Viktig med ”opplegg” for å inkludere heimebuarane. Aktivisering i helgane med meir enn berre film?

Kaldt på Nesheim i haust når det vart kaldt.

Ønske med elevar på foreldremøta.

 

3B:

Møtte få foreldre.

Saknar elevinnslag på samlinga i dag. Sakna presentasjon av tilsette.

Synes matstandarden er blitt dårlegare i løpet av desse tre åra.

Ønsker tilbud om trafikksikring (komm.: Vg3 får besøk av Trygg Trafikk til våren.) Yrkesveiledning: Stort info-behov, kva med ein stand med ”foreldreyrker” på ein foreldredag?

Skryt av Talentiaden.

 

3C:

Godt klassemiljø, jevnt nivå, men få foreldre møtte.

Litt info frå kontaktlærarane først. Så vart elevane invitert, kaffi/kaker.

Rimeleg mykje arbeid (skippertak?) i helgane for ein del elevar.

Mat laurdag kveld.

Sakna presentasjon av tilsette og klassar på samlinga i dag.

 

Drøfting av saker:  

 

Mat laurdag kveld:

Rektor orienterte om kva mat som har vore servert. Er det ”feil” type mat? Er det feil tidspunkt? Vil ein ha det saman med ein film? Innspel: Kan elevane kan få ønske seg kva dei vil ha til mat? Så blir dei 6 mest populære rettane rulert på om laurdagskveldane. Ha ein del pizza i reserve: Så lagar ein anna type mat på laurdagskveldane, og evt. sper på med pizza viss det blir for lite. Aktuelt med elevmedvirknad/matgruppe? Det nye kjøkkenet på loftet? Viktig med forutsigbarheit - brødmat skal ikkje vera eit alternativ.

Vedtak: Elevane skal velga meny, brødmat skal ikkje forekoma laurdag kveld.  

 

Internat:

Framheim B står på lista for oppussing. Vaktmeisterane sjekkar romma om det er ”uhaldbare” forhold.

 

Utanlandstur:

Lokale turar, oppstartsturar o.l er ikkje tatt vekk. Råd å legge inn i skulepengane slik at alle får tur og val av utanlandstur gjev eit melommlegg? Td. flatseng på Salem, ekskursjonar i Bergen.

Vedtak: Foreldrerådet ber Framnes utrede dette.  

 

Kriting:

Det må presiserast at det ikkje er lov med kriting i kiosken. (Elevar under 18 år har ikkje lov til å krite.) Misjonsprosjektet må informerast (igjen).

Klassemøta:

Ønskeleg med at elevane møter på delar av klassemøta, men kan gje praktiske utfordringar i enkelte rom.

 

Nøkkeldepositum:

Er det mogeleg å beholde nøkkeldepositum i alle tre åra?

 

På heimesida:

”Nytt frå Framnes” - meir om 'ting' som skjer, også for heimebuarar.

 

Miljøavd.:

Har heimebuaransv hatt møte med heimebuarane om kva ei ønsker? Skulen undersøker aktuelle løysingar for SMS-tenester. Kan miljøarbeidarane lage ei ”turgruppe” som kan ta seg ein tur til lavvuen? Det kom ein invitasjon til aktivitetsgrupper i staden for bibelgrupper. Kan ein gje eit nytt tilbud no?

Den pedagogiske verksemda/ped. utviklingsarbeid:

Kvifor skårar Framnes dårleg i elevundersøkinga på motivasjon og elevmedverknad? Pedagogikken som blir praktisert er ”gamaldags”, og som trekker elevane lite med. Pedagogikk er kjerneområdet til Framnes, så det er svært viktig (nær samanheng mellom forståing og motivasjon). Reellt tilpassa undervising? På vgs blir ein lett ”fag-sentrert”. Det er viktig at me ”spelar kvarandre gode”, slik at skulen står fram som eit positivt team. Data-problem? Elevar går inn på spel mens det er undervisning. Kva gjer me med det? Lærar er suveren i klasseleiinga.

Vedtak: Foreldrerådet utfordrar Framnes til å sjå på dei stadane skulen skåra lågt på elevundersøkinga, og ber Framnes lage eit notat om emnet til foreldrerådet.  

Bergen/Framnes 5/11,

Kjetil Bruvik