Orientering frå rektor ut frå referatet frå sist foreldreråd:

Kaldt på elevromma, spesielt på Nesheim. Varmepumpa er automatisk styrt etter utetemperatur. Viss nokon frys må eleven ta kontakt med vaktmeister for å få utdelt ein varmeovn.  

Dårleg sanitærforhold på Framheim B: Vaktmeister kjenner ikkje til dette då han ikkje har fått noko henvending frå elevane på det.

Sykkelskur: Ingen planar om sykkelskur til alle syklane. Det er no planlagt sykkelstativ under takutstikket utanfor Framheim ABC. Kjem kanskje til våren.

Mat laurdag kveld: Etter jul er det varmrett kvar laurdag kveld. (Positiv tilbakemelding frå klassane.)

Lavt skår på elevmedverknad på elevundersøkelsen. (Framnes skåra 0,1 under fylket.) Dette gjeld elevane sin medverknad på å lage årsplaner, kor lang tid ein skal ha på kvart tema mm. Erfaringa er at elevane seier at dei ikkje har forutsetning for å delta så mykje i dette, og overlet det til faglærar. Framnes har starta kollegabasert veiledning, utvida elevundersøkinga til å omfatte både Vg1 og Vg2 (for å få eit breiare grunnlag), jobbe meir med tema i seksjonane, Framnes er med på eit prosjekt frå Udir. om ”Vurdering for læring”, samt at me skal starte eit prosjekt om ”kristen karriere-rettleiing”.


Tilbakemelding frå klassesamlingane:

To ting som klassemøta skulle ta opp:

Prosedyre for elev-/foreldreklage på tilsette (kalla prosedyre)

Oppstart av skuleåret vor Vg1 (kalla russ)

1A: Mange elevar jobber bra. Elevane må ha meir respekt for leksetid og innetid. (Nokon treng lenger tid til lekse enn andre, og det må dei ”raske” respektere.) Prosedyre: Forskjell på ”klage tilsette” og ”klage til tilsette”.  Tydeleggjere kven som har ansvar for framdrifta. Klagaren må få kopi av den skriftlege klagen, for å sikre at klagen er forstått rett. Ved alvorlege saker må det vere anledning til å gå direkte til trinn 2. Russ: 1) Internatet/rommet er ein fristad, 2) Felles samling mellom Vg1 og Vg3 i starten der dei kan ”krige” litt under kontrollerte former, 3) Skulen må bruke nødvendige sanksjonar. (Det er Framnes blitt flinkare til) 4) Tvang mot si eiga vilje er eit overgrep, 5) Ting som blir øydelagt må erstattast. Det er forståing for at skulen ikkje greier å løyse alt dette like bra. No er det elevar som kvier seg til russetida i mai. Det må me gjere noko med.


1B: Elevane føler at det er tilfeldigheit om prøver og store prosjekt. Ønsker meir planer for dei store prosjekta, og det kjem prøver som ikkje står på plana. Litt kritisk til karriere-veiledning av elevar; at veiledaren ikkje seier meir en kva det er dekning for. Ønske om at det blir lagt ut halvårsplaner i alle fag. Ønske om meir variasjon på lunch. (Då må dei smør niste til frukost.) Elevane etterlyser meir fritidstilbud, som meir opningstid i bassenget. Ønske om raskare internett på internatet. Prosedyre: Positivt med tydelege rutiner ved klage. Viktig at klager blir tatt tidleg opp. Russ: Gjere meir ut av fadderordninga. (I år var det berre 1-2 samlingar den første veka.) Elles var det elevar som meinte at det var mindre russeaktivitetar enn kva dei hadde forventa. Elevane må ta eit nei for eit nei.


1C: Veldig taust. Foreldra forventa litt meir informasjon frå kontaktlærarane, td. om klassemiljøet. Ønsker òg at kontaktlærarane kan sende litt fellesmailar om kva klassa jobbar med (sidan mange elevar ikkje seier så mykje heime). Mange elevar i 1C får merknader for å kome for seint til morgonsamlingane. Bør slutte timen litt tidlegare?

2A: Prosedyrer: Ryddig prosedyre. Russ: Vanskelg for dei som russ å vite kva 1. klasse meiner er over grensene. Russen er eldst og må ta ansvar for å sette grenser.


2B: Positiv klasse. Litt gnissing mellom jentene på internatet, men hadde fin kontakt med Herdis og Lisbeth. Flott fellessamling. God møteleiing og lyd. Datamisbruk: Mindre problem no. Russ: Grising med mat, hevneaksjon og hærverk er ut. (Mange elevar tok ordet i den saka.) God kommunikasjon med kontaktlærarane. Flott med varmmat på laurdag.


2C: Ingen møtte, men etter referat frå klassa: Russ: Fadderordning mellom Vg3 og nye Vg1-elevar?


3A: Kontaktlærarane orienterte om eksamensplana. Trafikksikkerheit: Framnes sine minibussar må ha gode dekk. Rasfaren i Eikedalen: Må minne elvane om å halde seg borte frå rasfarlege områder. Lite tilgang på dopapir på internata.
(Rektor kommenterer at alle bussane til Framnes er i forskriftsmessig stand.)


3B: Ingen møtte


3C: Starta med eit positiv elevinnslag. Fekk oppklaring om heildagsprøver og eksamensavviklinga. Motivasjon: Elevar som var presis med innlevering klaga over at lærarar er for slapp med dei som ikkje leverer i tide, men får stadig utsetting. Prosedyre: Positivt at skulen jobba med det. Må bli tydeleg beskjed til elevar og foreldre om prosefyrene. Russ: Lite innspel.


Rektor kommenterte om russeaktivitetane:

Vg3-elevane i år er positive, og kan forhåpentlegvis sette ein ny standard:

Nytt prikkereglement: Ma. blir ikkje prikkane sletta etter 1. termin, samt at Vg3-elevane ikkje blir utvist men får td. kjøkkenteneste.


Endring av opplegg om utanlandsturar:

Etter ein del innspel frå elevar og foreldre er det blitt opna slik at elevar frå stusp. som har toppidrett fotball eller friluftsliv kan få vere med til Tyrkia og Chamonix.


Foreldrehelga i oktober kontra februar:

Det er vanskeleg å få elevar til å stille seg fram i oktober, og mykje lettare i februar.

Forslag frå rektor: Oktober: Kortare fellessamling og lengre klassesamlingar. (Tips: Sette foreldra i grupper der dei kan få bli betre kjent med kvarandre. Utfordre elevane til å ha framføribng e.l i klassesamlingane, då det er lettare mindre skummelt enn i auditoriet.)

Februar: Samling omtrent som no, med mykje elevinnslag.

Forslaget vil bli drøfta med læararane.


Elles:

Positivt med at elevane var med på klassesamlingane.



Refr.:

Jostein Moldsvor / Kjetil Bruvik