| Foreldrerådsmøte 5. november 2011 |
|
|
|
| Foreldre |
| Skrevet av Lars Arvid Oma |
| mandag 21. november 2011 20:30 |
|
Jeanine Heide orienterte litt om si stilling som sosiallærar og jobben på internatet. Ma. «krig» mellom 1. og 3. klasse. Har i år følt at det har vore roleg. Men det som er nytt i år er at 3. klasse har vore snill, men nokre i 1. klasse prøver å yppe seg mot 3. klasse for å få fart i krigen. Men heldigvis har 3. klasse takla dette fint.
Tips: Kanskje me kan førebu dei nye Vg1-elevane allereie på opningslaurdagen om at dei må gjere rekning med at det skjer litt krig, og at dei må seie ifrå til tilsyn eller andre viss det skjer noko? Gi beskjed til russen at dei ikkje må gjere noko dei første vekene, før dei er trygg på kven som tåler ein støyt. Utidig at andre går inn på andre sine rom og gjer noko. Foreldra ønsker ei lita vurdering frå internatet på foreldresamtalane (og ikkje berre fag). Ønsker romsjekk litt oftare, spesielt nye elevar. (På Gann var det romsjekk kvar veke.) Vel mykje informasjon for elevane dei første skuledagane. Internatlistene bør kome opp litt tidlegare. Kl. 22 er litt seint. Leksetid: Oppfordre elevane til å bruke meir biblioteket som lesesal. Skisesongen: Er det mogeleg at det kan settast fram litt gryn og mjølk når elevane kjem tilbake? Elevar på Framheim som bur ut mot plassen blir ofte forstyrra av bråk på plassen. SMS-teneste: Framnes kan vurdere å kjøpe ei SMS-teneste der me kan sende ut td. fråvær både til elevar og foreldre. (Men foreløpig avventar me oppgradering av SkoleArena/fråværsføringsprogrammet.) Dårlege madrasser og smale senger. Mat: Lunchen er blitt veldig bra. Sunt og variert kosthold. Elevar som er mykje på trening om kveldane må smør niste til frukost, evt. få andre til å smør niste til kvelds. Det bør vere 1 – 2 middagar med fisk kvar veke, men det må kanskje gjerast litt meir med fisken slik at den blir spennande. (Elevar påstår no at dei får same type fisk til forskjellige måltid, men blir berre sett anna namn på middagen.) Elevar med diett: Kjøkkenet må vere flinkare til å følgje dei opp. Må ha møte med dei elevane i løpet av første veka. Toppidrett (fotball og sykling) krev mykje og næringsrik mat. Viktig å gi god og variert mat i helgene, for elevar som reiser ofte heim i helgene får variert mat heime. Innspel frå klassane: 2C: Tidlegare var det korte klassesamlingar med lite informasjon. I dag: Lærarane hadde førebudd seg godt på å fortelje om klassemiljøet, og kva dei har gjort på turane. Elevane presenterte seg sjølv to og to. Positivt med god tid. Dette bør kanskje skje om hausten. Oppfordra lærarane til å legge inn karakterar på Its learning. 3C: Positiv tilbakemelding på skulen. Det som skulen lovar blir gjennomført. Eiga samling for Vg1 (med info om fagplaner) bør/kan skje før fellessamlinga. Ventilasjonsanlegg i kl.rom 4 – 7. OK med fellessamling på 45 min. Positivt med god tid i klassane. Positivt med misjonsløp før fellessamlinga. Til betre opplegg skulen lagar, til fleire foreldre kjem. 1C: Mykje skryt av Sølvi og Frede. Fin film om klassa. Kjøring til fotball i Øystese? Kan foreldra i Øystese organisere noko transport, og andre foreldre kan betale? Kan Framnes organisere noko transport, anten av Framnes eller av foreldre i Øystese? (No er det mange som må sykle til Norheimsund eller Øystese.) Det blir seint å sykle frå Norheimsund etter kamp i Bergen. Er det tilbod for jenter på toppidrett fotball? Trekker frå vindua på Framheim. 3B: Positivt med mat. Foreldre kan inviterast til misjonsløpet. Ønsker meir info om misjonsprosjektet på fellessamlinga. (Det er mange foreldre som ikkje kan vere på samlinga om kvelden.) Klassesamling: Elevane hadde litt program. Positivt med samanspleising. 1A: Foreldre bør inviterast til misjonsløpet. Fellessamling: Bør starte presis. Kan godt vere litt lengre. Forvirrande, lite pedagogisk om val av programfag. Bør lage konkrete dømer på fagvalg. Positivt med elevinnslag. For lite pusterom mellom samlingane. (Det blir betre for Vg2 og Vg3) For kort tid mellom foreldrelaurdag og langhelg. Lite tilfreds med matte siste time på fredag. 3A: Fellessamlinga kan inneholde meir. Td. filmar frå turar. Fleire underholdningsinnslag. Klassesamlinga: Elevane hadde laga ein quiz om kvarandre. Brukte ikkje heile tida. Foreldresamtaler med foreldre som bur i nærleiken: Kan ein ta det på andre dagar? Leksehjelp for elevar på realfag? 2B: Program med elevane. Delte inn i grupper etterpå. Det er kjekkare å sjå ein film om si eiga klasse, enn ein film som andre klassar viser i auditoriet. Ønske om at Mercy Ship fekk kome til på fellessamlinga. Nokre saknar risengrynsgrauten. Flott at dei viktigaste tinga er konsentrert midt på dagen. Vart ikkje opplyst om badetøy. Ønske om ein e-post nokre dagar før der evt. endringar på programmet blir presentert. Td. at Mercy Ship kjem på samlinga i kveld. Ønske om at Framnes tar initiativ om kjøreopplæring og td. trafikalt grunnkurs. (Orientere foreldra?) 2A: Klassemøtet: Rikeleg tid. Lite innspel på saker. Lærarane og elevane hadde heller ikkje så mykje innslag. Ønske om at denne laurdagen ikkje er ein skuledag, mens andre kommenterte at det bør vere ein skuledag slik at ein er sikker på at alle elevane er her. Me orienterer mykje om turar. Men me orienterer lite om læringsmiljø og fråfall i skulen. Kva gjer Framnes for elevar som strevar? Litt generell informasjon. Er det mange elevar som sluttar ved Framnes og startar på andre skular? 1B: Bør Framnes ha ein idèbank for nye foreldrekontaktar? Obligatorisk at elevane presenterer kvarandre på klassesamlinga om hausten? Klassesamling: Litt innslag av elevane. 5 og 5 elevar sette seg saman, og foreldre kom til dei gruppene. Oppgåve: Prat om oppstarten, mat, internatet, skulen ++. Kaldt i klasseromma. Er det mogeleg at tilsyn hentar elevar i Norheimsund ? Rektor orienterte om skulepengar: Framnes har veldig differensierte satsar for skulepengar. Td. at friluftsliv betaler meir enn fotball. Forslag til neste år: 3 satsar: 1) studiespesialisering, 2) studiespesialisering med idrett og 3) idrett. Refr. Jostein Moldsvor |








