Resyme av referat foreldreråd Framnes Kristne Vidaregåande Skule

Laurdag 16. august ’08

Sak 1/08: Presentasjon og registrering av e-postadresser.
Foreldrerådet vart presentert, namn og e-postadresser vart registrert og samla inn.

Sak 2/08: Mandatet til foreldrerådet:
Mandatet vart delt ut og orientert om av sosiallærar. Det kom ynskje frå foreldrerådet om at eit resyme av referatet kunne leggjast ut på heimesida til Framnes. 

Sak 3/08: Litt om skuleåret (foreldrehelger)
Det vart orientert om dei to foreldrelaurdagane som er fastlagt i skuleruta: 25. okt. og 14. feb.
Det vart stilt spørsmål med kvifor haustferien ikkje var lagt til same veke som resten av Hordaland (i alle fall Bergen). 
Det vart opplyst på møtet at Framnes fylgjer skuleruta til grunnskulen i Kvam når det gjeld plassering av feriar. 

Sak 4/08: Kort informasjon om studieturane komande skuleår
Sosiallærar orienterte kort om studieturar til Tyskland og Skottland som begge er lagt til tidsrommet 19.-27. sep. ’08. Det vert laga eit eige opplegg for dei elevane som er igjen på skulen under skuleturane. Begge studieturane har allereie vore orientert om for elevane og påmelding er tatt. Det kom reaksjon frå nokre av foreldra på at nye elevar som startar no i haust ikkje har fått informasjon om desse turane og derfor heller ikkje har kunna melda seg på.

Sak 5/08: Informasjon om internatreglement 
Sosiallærar orienterte kort om bakgrunn for internatreglement og litt om innhaldet i jobben hans som sosiallærar. Det kom ei tilbakemelding frå nokre foreldre som meinte vi burde fylgja tett opp episodane som kunne gå føre seg mellom fyrste- og tredjeklasseelevar slik at dette ikkje fekk utarta.

Sak 6/08: Konstituering; val av leiar, nestleiar og sekretær.
Leiar: Lars Arne Vik
Nestleiar: Pernille B. Lemming
Sekretær: Øyvind Kleven

Sak 7/08: Eventuelt
Foreldre til heimebuarar uttrykte frustrasjon over at beskjedar vart gitt etter skuletid som gjaldt neste skuledag. Dette må det bli slutt på. Dersom det er beskjedar som må giast, skal dei leggjast ut på it’s learning. Beskjedar om lekser og ting som vedrører neste skuledag, skal ikkje giast etter skuletid.
Reaksjon frå foreldre (spesielt i 1a og 1b) på at timeplanen for dei som ikkje har toppidrett fotball ikkje har undervisning før kl. 12 måndag og at dei har 8 teoritimar fredag. Mogleg å endra på?
Skuleruta bør leggjast ut på heimesida. (Den ligg der no! Referent)
Ynskje om at reglement og reaksjonsskjema som vert utdelt til elevane og vert distribuert til foreldrerådet. (Gjerne saman med referatet.)
Spørsmål frå foreldre i 2c: Kan det organiserast leksehjelp elev/elev frå skulen si side?
Vedrørande opningssamlinga kl 12.10-13.10: Mange meinte at det vart sagt for mykje om organisasjonen Åpne Dører (www.opendoors.no) og misjonsprosjektet og for lite om skulen og kva den står for. Mange sakna og ein kort presentasjon av personalet, berre for å sjå ansikta deira.
Andre sakna litt meir ”friske” songar og innslag, gjerne meir av elevane!
Forsongarar var også sakna.
For dei som ikkje kjende til Framnes frå før av/var bedehusframande og eller ukjend med samanhengen skulen står i, kunne denne samlinga virka litt ”avskrekkande” og fjern frå deira kvardag.

Ref: Geir Johnny Undal