Referat foreldreråd Framnes Kristne Vidaregåande Skule

Laurdag 25. august -08

Tilstades:
Geirmund Storås (2c), Pernille Lemming (3c), Magne Kolstad (1c), Marit Hove (3a), Elise Sæle (3b), Beate Gauden Lid (1a), Øyvind Kleven (2b), Inge Aasgaard (1b), Lars A. Vik (2a), Geir Johnny Undal (sosiallærar) og Harald Voster (rektor)

Sak 8/08: Referat frå forrige møte
Til sak 5/08 Internatreglement:
Skulen har hatt møte med 1. og 3. klassane. Det har vore episodar frå russen si side, men det har roa seg. Einskildelevar har mista goder.

Til sak 7/08 Eventuelt:
Det skal no gå greit med at beskjedar til heimebuarar berre blir gjeve før skuledagen er slutt.
Timeplan. Det er ikkje mogleg å gjera noko med timeplanen no.
Leksehjelp. Elevane kan ta kontakt med tilsynslærar, men Framnes har ingen lærar som har leksehjelp som si hovudoppgåve.

Sak 9/08: Innføringsdagane for nye elevar
Elevane fekk eit møte med ein psykolog ein av dei første dagane. Elevane opplevde at psykologen stort sett sto og såg i manuset heile tida. Psykologen hadde fokus på internatlivet. Det var gode emne og opplegg, men det var ikkje pedagogisk lagt fram.

Sak 10/08: Ivaretaking av grenselause elevar
Nokre av elevane er altfor opne med å fortelja om sine eigne liv. Det kan m.a. gjelda tilhøve i familien eller noko dei har opplevd. Det gjeld og samtaler på internata, både samtaler med lærarar og mellom elevar. Nokre elevar bruker kvarandre som psykologar.
Skulen ønskjer at slike samtalar skal styrast til vaksne på skulen. Desse problema skal ikkje løysast av medelevar.

Sak 11/08: Miljøet mellom elevane
Skulepresten må vera meir synleg for dei elevane som ikkje går på søndagsmøte.
Skulen har høyrt om alkohol, men har ikkje tatt rusa elevar. Skulen vil oppnemna personar som har spesielt ansvar overfor elevane når det gjeld russpørsmål. Denne kontaktpersonen må ha taushetsplikt og kan ikkje gå vidare med saker til lærarar/rektor.
Evangeliesenteret har hatt tysdagsmøte på Framnes. Fleire elevar opplevde eit press om å gå fram og be om forbøn for ikkje å gå fortapt. Skulepresten vil vektleggja arbeidet blant elevane på ein litt anna måte enn dette.

Sak 12/08 Tørketromlar
Dei fleste elevane saknar ikkje tørketrommel. Dei synest det er betre med gode vifter på tørkerommet.

Sak 13/08 Skuleruta til Kvam herad
Det er vanskeleg å tilfredsstilla alle med omsyn til skuleruta. Ein kan ikkje klara å ta hensyn til feriane til alle foreldra og personalet.

Sak 14/08 Eventuelt
Her kom inn fleire saker som var tatt opp på foreldremøte rundt i klassane:
Leksemengde. Det er ikkje samkøyring mellom klassane når det gjeld mengde av lekser.
Halvårsplanar og prøveplanar ligg ikkje ute på skulen sine nettsider. Elevane kan finna desse på It's learning. Det er eit ønskje frå elevar og foreldre om samkøyring når det gjeld oppgåver og prøver.
Epostadressene til Foreldrerådet ligg på Framnes sine nettsider.
Skulen har høyrt snakk om drikking og drikkepress blant nokre av elevane i samband med opphald utanfor skulen. Førebyggjande arbeid vil bli tema på neste foreldredag.
Det er ønske om å få hengt opp knaggar til ytterkle utanfor klasseromma i Gamlesalen.
Skulen har denne hausten hatt tur for engelsk- og tyskelevane til Skottland og Tyskland. Det er ønske om eit liknande tilbod for dei elevane som har fransk og spansk.
Fleire hadde ønske om ein meir synleg rektor.
Det var ei god samling i auditorium/gymsal i dag. Det var god tid, og det var ein flott presentasjon av nokre av klassane. Resten av klassane vert presentert på neste foreldredag.
Påmelding til konferansetimar over internett fungerte ikkje til denne foreldredagen.
Ein av klassestyrarane i 2b går snart ut i permisjon. Foreldra i klassen håper på ei god permanent løysing, ikkje tilfeldige vikarar.
Miljøarbeidarane må ikkje slita seg ut på andre oppgåver. Det er difor ikkje ønskjeleg at miljøarbeidarane skal vera kroppsøvingslærarar.



Øyvind Kleven
sekr.