|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
torsdag 02. februar 2012 12:40 |
|
Øystein Wigestrand, som er elev på Framnes KVGS, var raskast i det sjette løpet i Strandebarm vinterkarusell 24. januar. Han tok fyrsteplassen framfor John Olav Måge, Bjørnar Sandnes Lillefosse og Lars Tveitnes. Ifølgje arrangøren har Sandnes Lillefosse vunne dei fleste karusell-løpa denne sesongen. Blant jentene var Eline Sandnes Lillefosse raskast, framfor Kjersti K. Vågen – som også er frå Vikøy. |
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
torsdag 02. februar 2012 10:42 |
Tradisjonen tru var det stor aktivitet på Framnesbasaren førre laurdag. Innsatsen frå arrangørar og deltakarar resulterte i om lag 71.000 kroner, som gode formål på skulen vil nyta godt av etter kvart. Det var over hundre menneske tilstades på basaren – som tydelegvis lever i beste velgåande. Karsten Oma, kvemming busett på Søreide, vann hovudgevinsten – ei flott bålpanne. Dei neste vinstane, eit tresnitt av Per Flatøy og fotoapparat gjekk til Maria Nyheim og Nora Augestad. Elles var det ei mengd vinstar som fekk nye eigarar. Som vanleg mangla det ikkje god mat og drikke, song og fine innslag. Noko du kan sjå av bileta under (les mer).
|
|
Les mer …
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
fredag 27. januar 2012 15:13 |
Herrelaget til Framnes måtte bita i graset då dei møtte eit av favorittlaga, Sunnfjord folkehøgskule, i den innleiande runden i NM i volleyball for vidaregåande skular i dag. Gjestane vann 0-2, med settresultata 7-25 og 13-25. Sjølv om sunnfjordingane vart fleire hakk for "store", var det glimtvis bra spel på Framnes-laget i det andre settet. Likevel var ikkje det nok til å vippa dei godt trena spelarane frå Førde av pinnen. Fleire av spelarane til Framnes var forhindra i å spela, sidan dei deltek i eit worldcuprenn i telemark på Austlandet denne helga. (fleire foto under)
|
|
Les mer …
|
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
mandag 23. januar 2012 18:17 |
Velkommen til Framnes på foreldredag laurdag 11. februar! Me vonar at de tek dykk tid å vera saman med oss denne dagen. Les meir om opplegget og aktivitetane under.
|
|
Les mer …
|
|
Nyhende
|
|
Skrevet av Lars Arvid Oma
|
|
fredag 27. januar 2012 10:25 |
|
Det effektive storkjøkenet på Framnes har fått ny avansert omn, ein såkalla ”kombidampar” av typen Rational. Det nye digitale ”vidunderet” vart montert 18. januar og sett i drift med det same. I går hadde kjøkenpersonalet besøk av Rune Torsvik frå leverandøren, som demonstrerte alle mogelegheitene med omnen. Ifølgje kjøkenleiar Berit Jørgensen er det ikkje grenser for kva den avanserte kombidamparen kan brukast til. – Me kokar, steikjer og varmar så og seia all mat i denne omnen. Kombidamparen er utruleg effektiv og enkel å arbeida med, seier ho. (les meir under)
Demonstrasjon: Rune Torsvik frå leverandøren demonstrerer mogelegheitene med den nye Rational-omnen.
|
|
Les mer …
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 17 |