|
Foreldre
|
|
Skrevet av Administrator
|
|
fredag 08. oktober 2010 16:30 |
|
Det stundar mot val av programfag for elevane på VG1. Me informerer her om retningslinjene for val og vonar at det kan verte litt klarare for den enkelte kva ein treng av fag det neste skuleåret.
Val av programfag
Ordning for elevar på studiespesialisering
Elevane kan velje eitt av følgjande programområde
a) Realfag
b) Samfunnsfag, økonomi og språk
Innan programområda kan du velje ulike programfag. (Faga vert det orientert om seinare.)
- Alle elevane skal velje 30 vektimar med programfag. Alle programfag er på 5 timar
- Du må velgje to fag innanfor det programområde du vel, og disse må ein ha i to år (20 timar)
- Sidan ein har kristendom som eit obligatorisk programfag treng ein ikkje velgje meir enn 5 timar valfrie programfag
- Dei siste 5 timane kan ein velgje fritt. (Valfrie programfag)
- Dei som har framandspråk i 3 år kan redusere på kvoten på valfrie programfag med 5 timar
- Dei som vel matematikk, R1, slepp å ta fellesfaget matematikk 2P. Dette må erstattast med eit programfag.
Ordning for elevar på idrettsfag
Elevane vel ikkje programområde, men berre fag.
- Alle elevane vel 5t valfritt programfag kvart år.
- Vg1 kan velje breddeidrett 1 og toppidrett fotball 1
- Vg2 kan velje breddeidrett 2, toppidrett fotball 2 eller friluftsliv 1
- Vg3 kan velje breddeidrett 3, toppidrett fotball 3 eller friluftsliv 2
- Sidan ein har kristendom som eit obligatorisk programfag, treng ein ikkje velje programfag det siste året.
- Dei som har framandspråk i 3 år, kan kutte ut programfaget eit år.
|