Foreldredagen 11. februar 2012 PDF Skriv ut E-post
Foreldre
Skrevet av Lars Arvid Oma   
fredag 03. februar 2012 10:46

Kjære foreldre og føresette!


Velkommen til Framnes på foreldredag laurdag 11. februar 2012!

Me vonar at de ser dykk tid til å koma å vera saman med oss denne laurdagen.


Det er viktig for skulen å få ei oversikt over kor mange som kjem. Me bed derfor om at de melder dykk på til samtale og mat. De melder dykk på til samtale direkte til den/dei de vil snakke med. (Sjå vedlegg.) Ved påmelding til samtale, kan de også melde antal personar til mat. Elles kan de melde kor mange som skal ha mat til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen . (Elevane skal ikkje takast med i talet.) Det er viktig å vere ute i god tid om du har behov for eit spesielt klokkeslett. Påmelding innan fredag 03.02.2012.


Program for dagen vert slik:

Kl. 11.45-13.15            Fellessamling i auditoriet/gymsal:

Ord for dagen, elevinnslag og litt orientering.

”            13.15-13.35            Orientering om tur til Chamonix og Tyrkia. Auditoriet.

”           13.40-14.40             Klassemøte (foreldre og elevar) for alle klassane (leia av foreldrerådsrepresentanten) Stad: Respektive klasserom.

”            14.40-18.40            Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre.

”            15.30-17.30            Foreldrerådsmøte. Klasserom 7.

”            20.00-21.30            Samling i peisestova            .

Bassenget er ope frå ca 13.30. Har du lyst å ta deg eit bad, så hugs badetøy! (Badevaktene er på plass.)

Mat:

Elevane smører lunsj ved frukosten. Det vert servert varm mat frå kl. 13.30.


Kl            13.30-18.00            Kafè i peisestova og andre tiltak for misjonsprosjektet

”            13.30-15.00              Varmrett i matsalen.

”            19.00-19.45              Kvelds

Skulen har dessverre ikkje ledige rom til overnatting. Andre som gjev tilbod om dette er:

Torbjørn Vaagen, rom – og hytteutleige, Vikøy            ”            56 55 25 21 og 90 93 40 06

Hardangerfjord Hotell, Øystese                                    ”            56 55 63 00

Thon Hotel Sandven, Norheimsund                              ”            56 55 20 88

VEL MØTT!


Framnes, 18. januar 2012

Med venleg helsing

Framnes kristne vidaregåande skule



Harald Voster, rektor

Vedlegg.

 
RocketTheme Joomla Templates