Om Framnes PDF Skriv ut E-post

Visjon

"Framnes kristne vidaregåande skule er ein inkluderande skule og heim der alle trivest,
blir møtt med tillit og respekt og får vener for livet.
Elevane opplever personleg vekst, fagleg utvikling og eit godt åndeleg felleskap."

Kva kan me tilby deg?

Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Om lag 200 bur på internatet. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger

Me ynskjer  å drive  ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø.

Alle skal trivast på Framnes. Ein skuleprest og miljøarbeidarar legg til rette for at du kan ha noko å fylle fritida med på Framnes.

På kveldstid kan du delta i bibelgrupper, møter, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro i gymsalen, seminar, konsertar m.m. Noko arrangerer skulen, men mykje vert arrangert av elevane sjølve.  Framnes er bra utstyrt for dei som likar å drive idrett, men me kan også tilby noko for den musikkinteresserte.

Framnes samarbeider godt med aktørar i bygda og det er kort veg til skisenter både i langrenn og alpint/telemark.

Gamlesalen

Historia

  • Framnes vart grunnlagt i 1897 av Johannes Brandtzæg som kjøpte Framnes-halvøya (Prestholmen) og bygde ein misjonsskule for ungdom. Skulen vart seinare folkehøgskule.
  • I 1996 vart folkehøgskuledrifta lagt ned og Framnes starta som vidaregåande skule, men framleis med internat.
  • Skulen har no omlag 250 elevar.
  • Framnes er i dag ein treårig vidaregåande skole med idrettsfag og studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Me har elevar frå heile landet.
  • Skulen er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett, eigd av Indremisjonssamskipnaden som driv skulen saman medIndremisjonsforbundet (IMF).

Framnes i 1922

Framnes ca 1922. Se flere gamle kort fra Kvam.

  • Trass i ei lang historie som skule har Framnes no mange relativt nye og tenlege bygg. Det nyaste bygget er eit internat som vart ferdig i oktober 2000.
  • Framnes har eit moderne og godt utstyrt skuleanlegg med gymsal, symjebasseng, beachvolleyballbane, treningsrom, bibliotek m.m..
  • Framnes ligg idyllisk på ei halvøy som stikk ut i Hardangerfjorden, omkransa av flotte fjell, omlag 3,5km frå Norheimsund  i Kvam HeradHardanger.
  • Det er muleg å leige delar av skulen for kurs eller liknande. Ta kontakt med skulen.
  • Framnes tok imot ei gruppe sivile fangar fra Telavåg fram til mai 1944. Les meir om dette på Nordsjøfartsmuseet.
 
RocketTheme Joomla Templates