| Frisbee-golf |
|
|
|
| Nyhende |
| søndag 06. september 2009 14:37 |
|
Som ein kan høyre på namnet, minnar det mykje om vanleg golf. Forskjellen er at ein har byta ut kølle og ball med ei sendeplate ("frisbee"). Denne skal sendast frå eit gitt punkt til eit anna og gjerne via eller rundt forskjellige objekt for å auke utfordringa. Frisbee'en må ikkje lande på noko som er "off bound" (OB) då får ein eit ekstra kast. Når me speler, bestemmer me bane, OB og idealkast ("par") sjølv undervegs. Målet er å fullføre med minst mogleg kast. Ein ypperleg uteaktivitet! |










