|
Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med om lag 260 elevar. Rundt 200 av desse bur på internatet. I tillegg til skulebygningar og internat er det fleire teneste-bustadar på eigedommen og eit stort uteområde med park, plen og bed. Skulen tilbyr både studie¬spesiali¬sering og idrettsfag. Framnes KVGS vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjons¬samskip¬naden. Målet er å driva ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø. Skulen ligg ved regionsenteret Norheimsund i Hardanger, på ei vakker halvøy med fantastisk utsikt mot fjorden og fjella.
Ledig stilling som vaktmeister Ein av våre dyktige vaktmeistrar sluttar til sommaren, og me søkjer etter ein person som kan gå inn i stilinga. Det som vert tilsett skal arbeida i eit team med to vaktmeistrar og vedlikehaldsleiar. Stillinga er fast og på full tid.
Arbeidet er variert og omfattar mellom anna ettersyn av kjøretøy, maskinar og utstyr som t.d. minibussar, varmepumper, ventilasjonsanlegg, symjebasseng, sanitæranlegg, vaskemaskinar og kjøkkenmaskinar, samt vedlikehald av bygningar og anlegg.
Kvalifikasjonar Skulen ser primært etter ein allsidig person med teknisk og bygningsmessig interesse og erfaring, gjerne med fagutdanning. Anna relevant kompetanse og erfaring som gjeld vårt vedlikehaldsområde er også av interesse. Av andre personlege kvalifikasjonar ønskjer me vilje til å stå på og evne til samarbeid og improvisasjon i ein travel kvardag.
Annan informasjon Stillinga er ledig frå 01.08.2012, eventuelt etter avtale, og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Det er instruks for stilling og ei prøvetid på 6 månadar. Løn og arbeidsvilkår etter skulens avtaleverk. Skulen kan hjelpe til med å skaffe bustad. Me ønskjer at den som vert tilsett, kan bidra inn i skulen sitt kristne arbeid. Tilsette må identifisere seg med skulen si målsetjing og arbeide i tråd med skulen sitt verdidokument. Alle tilsette deltek i skulen sitt sosialpedagogiske arbeid.
Søknad skal sendast på skulen sitt søknadsskjema for sørvispersonale. (Sjå nedanfor.) Søknadsfrist: 01.03.2012.
Meir informasjon: kontakt vedlikehaldsleidar Kjell Magne Solsvik, tlf.: 918 55 651 eller rektor Halarld Voster, tlf.: 56 55 05 02.
Søknad, CV og referansar skal stilast til styret for Framnes kristne vidaregåande skule og sendast
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
eller til styret for Framnes kristne vidaregåande skule ved rektor, Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund.
Søknadsskjema:
Du kan laste ned søknadsskjema for pedagogisk personale og sørvispersonale under:
|
 |