|
Inntaksreglement for Framnes Kristne Vidaregåande Skule.
§ 1. Inntaksområde: Framnes Kristne Vidaregåande Skule har heile landet som inntaksområde.
§ 2. Inntaksansvarleg: Rektor har hovudansvaret for elevinntaket.
§ 3. Inntak Vg1: Eleven vert teken opp i Vg1 etter poengsum for alle obligatoriske fag frå ungdomsskulen. Maksimalt elevtal på Vg1 idrettsfag er 32 elevar. På Vg1 studiespesialisering er høgste elevtal 64 elevar.
§ 4. Inntak Vg2 og Vg3: Elevar som har gått Vg1 eller Vg2 på Framnes, har førsteprioritet ved opptak til neste skuletrinn dersom dei ikkje har stroke i 3 eller fleire fag. Karakterane i alle obligatoriske fag frå Vg1, eventuelt Vg 2, skal leggjast til grunn for eksterne søkjarar. Elevar med stort udokumentert fråvær, og elevar med manglande betaling av skulepengar, vil ikkje verta prioritert ved opptak.
Maksimalt elevtal på Vg2 og Vg3 idrettsfag er 32 elevar pr. trinn. På Vg2 og Vg3 studiespesialisering er maksimalt elevtal 64 elevar pr. trinn
§ 5. Tilleggspoeng: a) Alderspoeng: Det vert gjeve eitt tilleggspoeng til søkarar som har hatt eit venteår. b) Tidlegare skulegang: Det vert gjeve eitt tilleggspoeng for maksimalt eitt års skulegang c) Det kan gjevast maksimum to poeng til saman for punkt a) og b). d) Det kan gjevast eitt tilleggspoeng for leiaroppgåver eller andre særlege
§ 6. Søkjarar som er like godt kvalifiserte For søkjararar som vert vurdert etter §§ 3 - 5 gjeld det at:
Søkjarar som er like godt kvalifiserte, vil bli tekne opp ved loddtrekning når skulen ikkje har plass til alle søkjarane.
§ 7. Søknad til særskilt utdanningsprogram Søknadar til særskilt utdanningsprogram skal handsamast av ressursteamet som avgjer om søknaden fyller krava til særskilt opptak i samsvar med Opplæringslova § 3-1, og Forskrift til opplæringslova §§ 6-13 og 6-18 – 6-21. Elevar som søkjer etter §7 har ikkje rett på prioritert skuleplass om søknaden kjem etter 1. februar.
§ 8. Prioriteringar Dersom det er fleire søkjarar enn elevplassar, vert det prioritert slik: a) Eigne elevar, jfr § 4. b) Søkjarar til særskilt utdanningsprogram, jfr § 7. c) Born av personalet på Framnes. d) Søkjarar med dokumentert prestasjonar på krins- /landslagsnivå i dei e) Når det er fult på internatet kan elevar frå Kvam og Jondal verte prioritert
§ 9. Ankeinstans er Fylkesmannen i Hordaland.
§ 10. Søknadsfristar Særskilt opptak: 1. februar. Ordinært opptak: 1. opptak 1. mars. Etter dette rullerande opptak |
|





