Jobbe på Framnes?

Har du lyst til å arbeide på Framnes som lærar? Me har ikkje konkrete stillingar for tida, men ta gjerne kontakt med skulen dersom du er interessert i å arbeide på Framnes i framtida! Det kan fort dukke opp stillingar.

Besøksadresse
Vikøyvegen 280
5600 Norheimsund

Sentralbord
56 55 05 00

E-post
postmottak@framnes.vgs.no

VIL DU BLI MILJØARBEIDAR?

Lurer du på kva du skal gjera til hausten?
Har du lyst på eit spennande år saman med flotte ungdommar i vakre Hardanger?

Framnes kristne vidaregåande skule søkjer etter miljøarbeidarar for skuleåret 2018 - 2019.


Ta kontakt med John-Sindre Sætrenes (tlf. 901 63825/ Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen ) for meir informasjon.
Dagens miljøarbeidarar (biletet), Anna Lena Nævdal og Lars Rognald Midtgård Matre, kan skriva under på at dette er ein kjekk jobb!
Søknadsfrist: Fredag 19. januar.

PEDAGOGISKE STILLINGAR

Det er ikkje ledige lærar-stillingar akkurat no, men ta gjerne kontakt med skulen likevel: Me ønskjer oss lærarar som er glade i ungdom, likar å formidle, er utviklingsorienterte, ønskjer å samarbeide med andre kollegaer og tykkjer om hektiske kvardagar. Kunnskap om og erfaring med kristne friskular er ein fordel. Meir info om skulen finn du på framnes.vgs.no

Du kan få fleire opplysningar ved å ringe studieinspektør 56550504/92627332, rektor på 56550502/93009831 eller sende ein epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen .

Søknader skal skrivast på søknadsmalen som er lagt ut på www.framnes.vgs.no og den skal sendast til Styret for Framnes kr. vgs. v/ rektor, Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund.

 

Søknadsskjema - undervisningsstilling
Last ned skjema

Søknadsskjema - ikkje-pedagogisk personale
Last ned skjema