Søndagsmøte PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Andreas Sørås   
søndag 29. august 2010 11:53

Kvar sundag klokka 20 skipar miljøavdelinga og elevane til "Søndagsmøte" i peisestova. Denne hausten har me valgt tema: "Andens frukt" for møta våre.

Førre veke tala studierådgjevar Lisbeth Fredheim Oma om glede, og veka før det sparka skuleprest Arne Opsahl-Engen det heile i gong med kjærleik. I kveld er det underteikna som skal i ilden og tala om, som du sikkert har skjøna: fred. Fram til haustferien er der altså frukt som står på tapeten. Dette har fram til no vorte spegla i både forkynning, songval og dekorasjonar. Etter haustferien er me i miljøavdelinga litt meir usikker på kva tema me skal velga. Har du forslag til kva tema me kan ha på møta våre resten av året? Send oss gjerne ein e-post: miljo(krøllalfa)framnes.vgs.no

 
RocketTheme Joomla Templates