| Fekk spela på Sogndal |
|
|
|
| Nyhende |
| Skrevet av Lars Arvid Oma |
| lørdag 21. januar 2012 23:10 |
|
Sigurd Singelstad (19) fekk spela dei siste sju minuttane på A-laget til Sogndal I kampen mot Førde i går. Den unge spelaren er nøgd og overraska.
– Det var svært uventa, litt rart og veldig kjekt, seier han. Singelstad drog frå Framnes for ei veke sidan, etter eit halvt år som idrettslærar. Planen er å spela for Sogndal sitt 2. lag medan han studerer på Høgskulen i Sogn og fjordane. – Å få spela desse minuttane på A-laget betyr mykje for meg. Det viktigaste er at eg fekk vist for meg sjølv at klarar å halda roen og spela fotball slik eg pleier. Det er ei god oppleving på dette nivået. Eg har brote ein barriere og kjenner meg tryggare, seier fotballspelaren. Sogndal vann treningskampen 4-1. Singelstad var russ på Framnes KVGS i fjor. Han har også spela på Norheimsund dei siste åra. |








