framneshalvya_-_1

Framnes treng ny norsklærar frå 1. august 2018.

Les meir om den ledige stillinga HER:

minnestund


Gratulerer med fredsdagen, 8. mai!
I dag var heile Framnes, elevar og tilsette, ute i sola for å minnast framnesingane som fall under andre verdskrig. Markeringa, som vart leia av fungerande rektor Jostein Moldsvor, fann stad ved minneplate nedanfor Gamlesalen.
Tore Waag las diktet «17.mai 1940» av Nordahl Grieg. Jeanine Heide og May-Britt Røyrvik spela kornett, og ein av elevane, Marie Bø, la ned ein bukett ved minneplata. Samlinga vart avslutta med allsongen «Gud signe vårt dyre fedreland».

Filmen frå markeringa kan de sjå på Facebook her:

Video: Lars A. Oma

001_tunisia
Framnes hadde besøk av fredsarbeider Njål Haugland og dottera hans Deborah rett etter påske. Familien Haugland arbeider i organisasjonen "Friends of Tunisia".


Støttar fredsarbeidet i Tunisia

Fredsarbeidar Njål Haugland frå organisasjonen Friends of Tunisia arbeider for å hjelpa det gryande demokratiet i landet med å finna gode førebilete i utviklinga av folkestyret etter revolusjonen i 2011.

Tekst og foto: Lars A. Oma

Etter 20 års innsats i turistbyen Sousse byrjar det å skje spennande ting. Dører opnar seg og Friends of Tunisia får stadig tettare kontakt med det nye leiarskapet. Organisasjonen arbeider no for å oppretta eit freds- og studiesenter i byen Sousse, i samarbeid med bystyret.
I april var Haugland og dottera Debora (15) på Framnes for å fortelja om arbeidet i Tunisia, og om den spennande utviklinga. Elevane fekk innblikk i arbeidet gjennom fleire morgonsamlingar, i klasseromma og på ein eigen Tunisia-kveld.
Familien Haugland består av Njål og ektefellen Mari, og dei fem borna, Debora (15), Sara-Helen (13), Samuel (10), Noah (8) og Viktor (3). Njål kan vitna om ei dramatisk omvending i byrjinga av 20-åra. Etter dette vart det avgjerande for han å møta menneske med bodskapen om fred, rettferd og glede.
Han og ektefellen flytta til Tunisia for 20 år sidan, og har sidan den gongen arbeidd for å nå sine medmenneske i det nordafrikanske landet.

Ei tenande innstilling
Friends of Tunisia nyttar høvet til å møta folket med gjensidig respekt og fredsverdiar i praksis.
– Det beste me kan gjera i dette landet er å rekkja ut hendene våre og spørja: Korleis kan me hjelpa dykk? Kva kan me bidra med? Det viktigaste for oss er å gje menneska verdi og mot til kritisk tenking. Me vil spela på lag med folket og byggja bruer. Då opnar dørene seg, og folk byrjar å spørja om kor me har henta tankane våre frå. Då kan me naturleg fortelja om djupare verdiar, forklarar Haugland.
Haugland legg difor vekt på å møta folket og leiarskapet i byen med ei tenande haldning, ikkje som herrar. Folk er skeptiske til tidlegare kolonimakter og land som dei fryktar vil utnytte Tunisia. Dei ser heller mot dei skandinaviske landa, nasjonar som dei oppfattar som meir nøytrale og «ufarlege». Tunisia er i ein demokratisk prosess der ein ser etter gode førebilete og rollemodellar i utviklinga av demokratiet: «Kor skal me henta ideala våre frå?» «Kva land ser me opp til?»
– Her kan me vera med og støtta det tunisiske folket i ein avgjerande fase, forklarar Haugland.
Ein tunisisk dialogkvartett fekk i 2015 Nobels fredspris. Dette var eit kraftig løft, men framleis treng det unge demokratiet hjelp.

Ungt demokrati
Landet har fått på plass eit demokratisk styre etter revolusjonen, men det er framleis ungt og umodent. Utfordringane for det veksande demokratiet er mange. Den største utfordringa er den store arbeidsløysa.
– Eg trur på ein grasrotreformasjon og eit samarbeid med dei som er i leiinga, seier Haugland.
Han er overtydd om at nøkkelen til eit vellukka arbeid for fred og demokratisk utvikling er å gjera ein innsats i grunnskulen. Friends of Tunisia driv ein skule med 52 elevar, der Mari er rektor. Pedagogikken og verdiane i skulen vert lagt merke til av styresmaktene. Dei ser på nært hald korleis skulen får born til å bløma, born som foreldre og den offentlege skulen har gjeve opp fordi dei ikkje taklar prestasjonspresset. Foreldra er glade i borna sine, men metoden for å få dei til å yta er ofte fysisk straff.
Ein skule som ut frå positive verdiar, og skandinavisk pedagogikk, lærer at alle er like verdfulle, gjer at desse borna endeleg får kjenna seg trygge. Dermed blømer dei som menneske og elevar. Når folk rundt ser resultatet, kjem foreldra. Det er medisin for samfunnet.
– Dette er verdiar som er avgjerande for den demokratiske utviklinga. På denne måten kan me vera med og støtta det tunisiske folket, seier han.
Ein gong samla dei fleire hundre ungdommar frå ungdomsskulane og gymnasa i kultursenteret i byen til filmkveld, i samarbeid med dei lokale skulesjefane. Gjennom filmen «The beauty and the beast» fekk dei i gang ein dialog om verdiar. I etterkant vart det oppretta skulelag på skulane der ein kan arbeida vidare med gode verdiar og utfordringar som til dømes mobbing og narkotikamisbruk.
I april var det skulekonsert i Sousse med det norske bandet The Main Level. 600 studentar kom for å høyra på. Deltakarane i bandet oppfordra dei unge til å stå opp for gode verdiar. Skulesjefen og studentane samarbeider aktivt for at positive og konstruktive verdiar skal verta ein del av kvardagen i skulane i byen.

Vil stoppa radikalisering
For nokre år sidan var det ei alvorleg terrorhandling i Sousse, der nær 40 turistar vart drepne på ei strand. Terroristen var ein radikalisert ungdom som utførde udåden for IS. Målet var å øydeleggja for det unge demokratiet ved å gå laus på turistnæringa.
– Skal ein få slutt på IS og terrorisme, må ein stoppa rekrutteringa. Difor er arbeidet i dei tunisiske fengsla eit viktig satsingsområde, seier Haugland.
Den tunisiske aktivisten og bloggaren Lina Ben Mhenni vart kjend under Jasminrevolusjonen i 2010-2011 for sin uredde kamp for ei demokratisk utvikling i landet. Ho har mellom anna stått i bresjen for å fjerna ekstrem islamistisk litteratur i 15 tunisiske fengsel. No står resten av fengsla for tur. I staden vert det oppretta nye fengselsbibliotek med bøker som står for konstruktive og gode verdiar. Bøker som formidlar det som til dømes Nelson Mandela, Desmond Tutu, og Malala Yousafzai står for, om tilgjeving og kamp for likeverd og menneskerettar.
– Her får me vera med og tilby bøker med konstruktive verdiar. Me fokuserer på hjarta til menneska, ikkje på religion.


konsert_fjellhaug

Måndag kveld hadde elevar frå musikklinja på Fjellhaug bibelskule konsert på Framnes. Gjestene kvitterte med ein strålande og variert konsert i auditoriet. Dagen etter gjekk turen vidare til Sygna KVGS i Balestrand.

Takk for besøket!

Sjå fleire foto HER!

Foto: Lars A. Oma

revy

Årets høgdepunkt på Framnes, russerevyen, er vel gjennomført. Flott innsats, kjære tredjeklassingar. De har all grunn til å vera stolte over framføringa "Revylusjon"! Kreativitet på scena, topp musikk og gode parodiar gav god stemning i Framnes Arena laurdag og søndag. No heng den sovande danseforbud-regelen tynt an...
All inntekt frå billettsalet går til årets misjonsprosjekt, Himalpartner. Mellom fire- og fem hunder såg revyen.

Sjå fleire foto HER!

Foto: Lars A. Oma

_3290058
Me ynskjer alle elevar, foreldre, tilsette og andre Framnes-vener ei velsigna fin og god påskehøgtid! Her med eit par motiv frå fjellheimen i Kvam.
foreldrelaurdag2018_07
På laurdag var det foreldredag på Framnes, med mykje folk på tunet. Laurdagsundervisning for elevane, fellessamling i Framnes Arena, foreldre/elev-samtalar med kontaktlærer, klassesamlingar, middag, og kafe med basar.
Foreldredagane er blitt ein solid tradisjon som har fått enda betre boltreplass på takk vere den nye idrettshallen. Her fekk me sjå fleire fine elevinnslag. (sjå foto)
På føremiddagen fekk elevane lytta til eit interessant føredrag av Dagen-redaktør og forfattar Kari Fure, som snakka om situasjonen for dei kristne i Irak og Syria. Nokre av dei eldste kyrkjelydane i verda er i ferd med å verta utsletta. For få år sidan var det vel 1,2 millionar kristne i Irak. I dag er det rundt 200.000 igjen. Dei aller fleste har flykta frå brutale overgrep og forfølging.
Fure har skrive boka «Flykten fra Syria og Irak».
Kjære foreldre, takk for besøket!

Sjå fleire foto HER!

Tekst og foto: Lars A. Oma



27628733_1093054020836378_7104974813080268370_o
Det er sendt ut informasjonsbrev med faktura i samband med den frivillige skuleturen 2018 -2019, for elevane på VG1 og VG2 dette skuleåret. Sidan det vert informert om turen på foreldrelaurdagen 10. februar, er innbetalingsfristen utsett til 15. februar.

DSC02058

Årets Framnes-basar gjekk av stabelen i går, laurdag 27. Januar, i ei fullsatt peisestove. Arrangementet vart leia, med myndig hand, av Geir Johnny Undal. Brit Gjerde Voster hadde andakt og Nancy Karin Sangolt hadde med seg nokre jenter frå Shine og KSC som song.

Som alle år tidlegare var det mange gevinstar, der mange er gjevne av firma som Framnes kjøper varer hos. Det kom inn ca. kr. 30.000. Takk til alle som kom og var med oss denne kvelden, og spesielt takk til basarkomiteen!

Tekst og foto: Jostein Moldsvor

DSC02082

DSC02091

DSC02093

DSC02099_2

DSC02102

DSC02107


til_nettsida
I år blir det elevstemne i jonsokhelga, 22. til 24. juni. Sett av helga og kom! I samband med elevstemna vil me gjerne ha tak i dei adressene me manglar. Dersom du ikkje fekk Ljosglytt til jul, tyder det på at me anten har feil adresse eller manglar adressa til deg. Send gjerne inn namn og rett adresse til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen .