openhelgFramnes2018-1
Helga 30.november - 02. desember er det Open helg på Framnes. Er du 10.klassing eller elev i vidaregåande og interessert i å bli betre kjend med Framnes KVGS, er denne helga midt i blinken for deg!

Last ned programmet HER:
39501220_1246941208780991_1747061532006547456_o

Det nærmar seg foreldredag igjen! Programmet finn de HER:

43131043_1281006992041079_5029023815871496192_o

2. oktober var elevar og tilsette frå Kvam vidaregåande skule og Framnes kristne vidaregåande skule samla i Framnes Arena for å høyra advokat Geir Lippestad snakka om temaet «Menneskeverd – finst det eit ytterpunkt for toleranse?»
Arrangementet var ein del av «Kvammaveko», som markerer Verdensdagen for psykisk helse gjennom ei heil veke med ulike arrangement.
Også politikarar og folk frå administrasjonen i Kvam herad deltok på føredraget.
Tilhøyrarane vart utfordra av Lippestad til å vera bevisste på kva verdiar ein står for, og at ein tek verdiane i bruk når ein vert utfordra. Han snakka på ein direkte, personleg og klar måte om rettstryggleik, menneskeverd og det å vera raus med seg sjølv og andre. Han tok utgangspunkt i utfordringar i sitt eige liv, mellom anna situasjonen då han vart spurd om å vera forsvarsadvokat i rettsaka etter terrorhandlinga 22. juli 2011. Hans eigne verdiar, synet på menneskerettar og menneskeverd vart utfordra.
Det var nærare 600 menneske i Framnes Arena, og det var tydeleg at føredragshaldaren snakka frå hjarte til hjarte.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

43055749_1281007135374398_5012664001973190656_o

43023835_1281007235374388_4760650538113040384_o

43047677_1281007128707732_218530586015301632_o

42996781_1281007155374396_2556113047064150016_o

vikafjellet_2018_0_-_4
Torsdag til laurdag var 1C på friluftstur på Vikafjellet. Elevane fekk oppleve høgfjellet på sitt vakraste med kveldssol i varme haustfargar, men dei fekk óg oppleve kor fort været kan skifte frå sol og til tett skodde og vidare over til sludd og regn. Dei fekk med andre ord både sett kor vakker natur vi har og dei fekk gjort nyttige erfaringar i forhold til kva ein må kunne forvente på turar i den norske fjellheimen. Det viktigste på denne turen var likevel det sosiale samværet og dei nye felles opplevingane dei fekk både rundt kveldsbålet, ved stormkjøkkena, i telta medan regnet piska like over hovudet og ikkje minst dei 17km saman med storsekk på ryggen. Makan til positiv og sprek gjeng skal ein leite lenge etter, så dette lovar godt for resten av skuleåret.

Tekst: Frede Hatlen
Foto: Elevar og lærarar (byline på kvart foto)

Sjå fleire foto på Facebook!

vikafjellet_2018_0_-_8

tur_til_mkster_2018_-_2

Oppstatsturen til Møkster for 3c:
Tradisjonen tro var det fangst av villsau, leirdueskyting, linefiske, slakting og bearbeiding av villsau, festmåltid med det beste fra havet, villsauhjerte og indrefilet, tubekjøring og stuping fra terrassen, lange dager med høy aktivitet, våte klær og god stemning, svettelukt og dunst av våt sau og alt annet som er gøy.
Trass i varierende vær kan vi ikke si annet enn at årets tur også var en suksess. Takk for turen!!

Tekst og foto: Eivind Daniel Røed

Sjå fleire foto på Facebook!

tur_til_mkster_2018_-_12

tur_til_botnen_-_12

2C var tradisjonen tro på kajakktur til Botnen innerst i Fyksesundet i helgen. Vi startet fra Framnes i fint vær, vindstille og niser som var oppe for å hilse på oss. I Botnen møtte vi noen livsglade hester som ville hilse på oss. På fredagen gikk vi til Skåro som er en gammel fjellgard inne i Botnen. Store mengder regn falt også over oss og elevene skal ha mye skryt for positiv holdninger til tross for et vær som innbyr mest til å sitte inne. På lørdagen padlet vi hjem, og til tross for litt bølger over fjorden så var det en veldig fin tur.

Sjå fleire foto på Facebook

tur_til_botnen_-_05


P8180212

Så er skuleåret 2018/2019 i gang! Opningshelga har mykje å by på. Klassesamlingar, foreldresamtaler, orienteringar, middag, kafé, basar og aktivitetar. Framnes yrer av liv ei slik helg Me gler oss over den flotte ungdommen i Noreg, og at ein del av dei unge satsar på skulen vår. Takk til elevar og foreldre! :-)

Sjå fleire foto i fleire innlegg på Facebook 






IMG_4796

Kjære elevar, foreldre og tilsette: Velkommen til Framnes og eit nytt skuleår!
Framfor oss ligg ein ny kreativ skulevinter med mange moglegheiter. Me får gjera som lærar Martin Dalane (bilete), og hoppa idet. :-)
Motivet er frå planleggingsdagen på onsdag... Bading er kanskje ikkje like fristande i dag.

Foto: Sverre Lindøy

DSC02589

På onsdag hadde Solveig Rob og Morten Samuelsen ein flott temakonsert for personalet ved Framnes. Temaet var psykisk helse. Solveig fortalde frå si sjukedomshistorie, om korleis ho har greidd å kome seg opp igjen. Solveig kom også med gode tips om førebygging. Morten framførde flotte songar, fleire sjølvskrivne, som underbygde temaet.

Tusen takk for ein god og flott temakonsert!

Tekst og foto: Jostein Moldsvor

_DSC0730
Det nærmar seg for alvor skulestart på Framnes. I dag var personalet på tur til Selesete i Fitjadalen. Der venta lærerike leksjonar i vanleg førstehjelp. Vel tilbake på Framnes gjekk me vidare med livreddande førstehjelp, med opplæring i hjarte- og lungeredning, og bruk av hjartestartar. Det vart ein fin og lærerik dag!





Sjå fleire foto på Facebook!