Foto: Andreas EideEtter hektisk pakking og pengeinnsamling torsdag ettermiddag, så lukka alle bilane, fyllt med ivrige avgangselevar, dørene, rulla ned vindaugene og musikken høyrtes like godt utanfor som inni. "Karmøy" vart plotta inn på GPS'en og alle som ein trilla ut porten som første steget på årets russeturné...



Det var først etter andre ferja at det verkeleg vart liv... Mellom Jektevik og Arsvågen vart det spelt "mitt skip er lasta med" mellom alle bilane over det medbrakte radiosambandet. Stemningen var god og været likedan.

Etter å ha køyrd x-antal runder i alle Haugesunds tusen rundkøyringar vart endeleg misjonsprosjektsleiaren lokalisert og plukka opp. Deretter bar det over brua til vakre og vene Karmøy der tidlegare rektor Lars Reinlund og kona, Astrid, venta på bedehuset der turnéens første møte skulle være.

Foto: Andreas EideSulten byrja å melde seg hjå alle og ein kvar (under møtet?), så jammen var det flaks at Janne K. hadde ope hus med ferdig servert kveldsmat på bordet! Etter å ete seg gode og mette, trilla bilane vidare mot Bryne. Nærare bestemt Saron bedehus, der "hovudkvarteret" skulle være. Ankomsten var rundt 0200 på natta, så mangen var glade for å legge hovudet på puta etter ein lang køyretur.

Foto: Andreas EideFredag bar det opp og ut i bilane igjen. Denne gongen med kurs mot Bore strand på Jæren. Sola steikte, men varmen vart litt drept av ein til tider heller kjølig vind. Det var flotte forhold for dagens aktivitet; surfing. Dei som hadde surfa før trekte på seg våtdrakta, tok med seg brettet og kasta seg uti vatnet. Medan dei litt mindre erfarne fekk med seg ein instruktør som gav dei gode nybyrjartips og triks.
Mange fekk merke at det var mykje meir slitsomt enn det såg ut til, å surfe, men og minst like gøy! Dei som ikkje surfa bygde Framnes i miniatyrform i sanden, spelte beach og "Kubb", tok bilete og sola seg. Utpå kvelden lagde me til to flotte møter på to bedehus samstundes!

Foto: Andreas EideNeste dag var det Stavanger sentrum som skulle til pers. Bøssene var pakka og klare før avreise, men dei var ikkje å finna når me kom fram. Men etter ein aldri så liten snartur tilbake igjen så oppdaga me at dei stod fint og pynteleg og venta på oss ved Saron. Medan Janne og Jesper henta bøssene, rigga resten av gjengen opp standen og byrja å svinge sleiva for å mekke til ei utsøkt vaffelrøre. Det vart fort god stemning når slakklina var spent opp, og når Eirik i tillegg henta fram spenstige triks på sykkelen, var suksessen eit faktum. Publikumet likte det dei såg og det klirra godt i bøssene. Alle gjorde ein kjempejobb med å samle inn pengar, noko som resulterte i ein sluttsum svært nært 14.000,- NOK. Det er imponerande på eit par timar!

Foto: Andreas EideEtter at ein hadde gått inn for landing igjen tilbake på Saron så vart det bestillt eit lass med utsøkt pizza frå den lokale Pizzabakeren, noko som ikkje var feil i det heile tatt. Gode og mette var det neste på programmet ymse leikar som held gjengen gåande til utpå natta. Men det var berre å kome seg i seng så fort som råd for dei som hadde køyreturen neste dag i bakhovudet...

Foto: Andreas EideSøndags morgon vart litt hardare for nokon enn for andre. Ein gjeng for avgarde med Arne i minibussen kl 0800, medan dei andre vart igjen for å sove/rydde/pakke/leike/vaske. Peter var vel kanskje den som fekk den hardaste starten på dagen der han sprang med ei ilsint Astrid bevæpna med steikepanne og sleiv etter seg...
Bilturen heim bestod av mykje uvettig snakk på radioen, kolonne-venting, heimelaga vegsperringar osv osv.

Trygt heime var alle einige om at det hadde vore ein fantastisk kjekk tur!

 

Fleire bilete kjem plutselig i galleriet!

 

-AE

Turné-dikt av Lydia og Linn Karin:

"Me trudde det skulle lukte parfyme, men her er berre møkklukt frå Bryne.
Walkie-talkie, bil og minibuss, det er ikkje tull å vere Framnes-russ.
Foto: Andreas EideTorsdagen reiste me her ned, til dette gudsforlatte sted.
Men med Framnes-møter og flinke elevar, skal me hjelpe dei i det dei strevar.
For flinke er me med sang og ord, Lars Reinlund han var stoltast på jord
då vi tok turen til Karmøy fager, der Jannes mor deilig kvelds lager.
Til Bryne kjørte me seint på kveld, området heilt utan fjell.
Me surfa fredag og handla litt, Arne han braut løftet sitt (McDonalds May-Oline!)
Folk kjører rundt i nydelig vær, vi lukter uheldigvis deres tær.
I rundkjøringa gjeng det rundt og rundt, det kan umogeleg vera sunt.
90s musikk i radioen for fullt, det nærmar seg snart ein skummel kult.
Vi splitta opp mot Rennesøy og Klepp, vi tok det chill; step by step.
Av oss blei Åshild stolt så særs, sjølvtillita fauk rett til værs!
Vi gomlar i oss hugleik på staur, og i dag redda Arne ein maur!
Han stoppa i vegen, ut av bilen gjekk, han mauren ut av vegen fekk.


Seint er det no, me må på do, Åshild ho forlangar ro.
I morgon er ein nye dag, vi slepp å kle oss lag på lag.
Her er veret herlig, utan tvil, tidleg i morgon, vi treng ein kvil.
God natt då godtfolk, no legg me oss, søv no godt panert fisk til tross :-)"