Foto: Karia NorstrandNokre vårteikn er sikrare enn andre. No er det verken hestehov eller andre buskevekster eg sikter til, men dei raude buksene, fløytene, lassevis med kort og vannballongar. Avgangskullet på Framnes dette året har no for alvor kome inn i russetida. Dei har allereie hatt buksevrenging og på mandag var det russedåp der alle i russen måtte ned i eit badekar med veldig ymse innhald...

 

Russepresident, Steinar K. Blom, og visepresident, Jesper B. Lemming, sørga for at alle som ein fekk utlevert russenamnet sitt og dusja seg godt i herlegheita. Det var på ingen måte alle som såg like komfortable ut der dei sat, men må ein, så må ein. Ingen har sagt at detFoto: Karia Norstrand berre skal være lett å være russ. Samstundes vert det nok ikkje mykje verre enn dette heller, så dei har ei veldig fin tid i møte!

God stemning!

Sjå fleire bilete i galleriet

Foto: Karia Norstrand