Foto: Andreas EideKva får du om du blandar marshmellows, banansplitt, karamelliserte epler, partytelt, minikonsert, grill, god stemning, guds ord og Håkon kalvenes? Då får du ei skikkelig møteveke på Framnes!

 

 

Foto: Andreas EideDet heile tok til på måndag då tidlegare miljøarbeider, Håkon Kalvenes, kom på besøk og siden den dag har det skjedd ein heil del. Kvar kveld, sidan tysdag, har det vore møte i forskjellige variantar. Onsdag var det ein kjempeflott minikonsert i peisestova, men så vart det brått lite plass inne. Store delar av Framnes var utleigd til konfirmasjonsfeiring, så då gjaldt det å tenka utanfor boksen. Dermed flytta ein heile møteverksemden utandørs.

Eit stk. stort partytelt vart rigga opp på brygga og fyllt til randen med benkar. Det vart henta grill og laga til bål, slik at stemningen skulle være den rette.

Kva er vel betre i sosiale samanhengar enn ein grill fyllt med velsmakande rettar? Kvar kveld hadde nemleg sitt eige "tema". Torsdag var det "Marshmellows-møte", fredag var det "banansplitt-møte" og på laurdag var det "karamelliserte epler-møte". Lite å seie på kreativiteten! Som om ikkje det skulle være nok, så vart det dratt i gang "car-pulling". Dommaren, Håkon, gjekk av med sigeren merkeleg nok...Foto: Vilde Fagerland

Torsdag og fredag var det utekino mellom Fjordheim og Nesheim medan det var overnatting under open himmel på "Verdas Ende" torsdag og laurdag. Noko for ein kvar smak kan ein sei!

Fleire bilete i galleriet.

-AE