Foto: Tor TveitaneIKT ansvarleg, Tor Tveitane, er på tur til Mali og der kan ein oppleva mykje forskjellig. Kva har denne bilen på taket?

Kvifor får denne bilen utan nokon lykter eller lys og attpåtil dårleg sikt gjennom frontruta køyra fritt rundt i Bamako med 3-4 tonn 12 meter armeringsjernbuntar på taket? Medan eg må krangla i 10 minuttar med politiet om pæra i eine nummerskiltlyset på ein elles 'strøken' bil tok kvelden i forrige dump i vegen......

Peugeot 404 - 20 år gammal, slike finnes det tusenvis av her nede. Dei vert lappa saman med hesjestreng og stål frå gamle oljetønner. Armeringsjern transporten på biletet er relativt spektakulær, men tøffast er det når dei kjem inn til byen med ved - nesten ein meter ut på kvar side og ofte 3 meter høge. Eg held ofte pusten når desse krengjer 30 grader på ujamn veg. Skal prøva å knipsa ein slik og i neste sving. Eg såg og ein mopedist med eit trailerdekk på 70 kilo tredd ned over overkroppen og armane, det såg ut til å vera vanskeleg å styra og bruka gass og clutch, men har var iallefall polstra om han skulle velta....