Foto: Andreas EideHo har gjort det igjen! Kristine Hope leverte tysdag denne veka det beste stand-up showet sitt så langt i historia! Eit fullsatt auditorium fekk med seg hennar gode historiar, treffande poeng, fengande song og små imitasjonar.

Foto: Andreas EidePublikum vart tatt med reise med Haukeli-ekspressen, fekk nye synspunkt på lolalmiljøet og fekk høyre artige historiar frå livet på internata på showet som ho kalla "Hope og andre vitsar".

Etter showet var det klart for god stemning på hemsen i regi av russen. Dei hadde laga til café og serverte gratis is med tilbehør av ein kvar sort til alle og ein kvar.

Det heile var eit frivillig initativ til å samle inn pengar for misjonsprosjektet, og det lukkast godt! Tilsaman over 8000kr vart gevisten på heile kvelden.

Foto: Andreas Eide Foto: Andreas Eide Foto: Andreas Eide

At innetida vart utvida til kl. 2300 la heller ikkje ein dempar på stemninga..

Sjå fleire bilete i bildegalleriet.