Foto: Andreas SøråsLaurdag for to veker sidan vart det arrangert verdsmeisterskap i Moppehockey på Framnes. Sju lag melde seg til VM og kreativiteten var det ingenting å utsetja på. Med lagnavn som Bondetrøkk og Vaskekjerringene var det heile dømt til å verta bra.

 

Foto: Andreas SøråsGruppespelet gjekk for så vidt roleg for seg med mykje godt spel og fine taklingar og scoringar. I semifinalane stod det tradisjonelt nok 4 lag att og i nettopp dette sluttspelet byrja spelarane å skjøna alvoret: Det stod om middag for heile laget på ein valgfri restaurant i Kvam. Etter semifinalar, bronsefinale og til slutt Le Grand Finale var det Fjordheim Hotyboyz som tok ein knepen siger over det Vest-Telemarksprega laget Solvang. Kampane varte 15 omgongar og eit lag måtte vinne med 2 mål. Me kan sei så mykje som at steminga var næreare amper då Fjordheim Hotboyz auka frå 8-7 til 9-7 og dermed vart verdsmeistarar for denne gong.

Moppehockey, betre kjend som skurefillehockey, er ein verdsomspennande idrett der kvart lag har seks spelarar på banen samstundes. Desse sit på kvar sin stol og ser motsandarane inn i augo heilt til dommaren, i dette tilfellet ein Sivilarbeidar, trillar ein terning. Då er det spelaren med det aktuelle nr på ryggen som terningen viser som med sitt moppestativ skal kjempa om å føre ei skurefille eller ein mopp i motstandaren sitt mål som er ein stol.

Sjå fleire bilete i bildegalleriet