Foto: Harald VosterDen årlege Framnesbasaren har gått av stabelen. I år som i tidlegare år var det godt frammøte, og det såg ut som både store og små trivdest. Det var godt frammøte med omlag 150 personar som fann vegen til gymastikksalen.
I år var me så heldige å få vitjing av Edgar og Marta Paulsen som reiser for ImF til dagleg. Dei hadde møte i Samnanger og la kursen til Framnes laurdag ettermiddag. Edgar song og Marta heldt andakt ut frå teksten om brødunderet. Jesus kan gjere det vesle til mykje, og gi den enkelte rik velsigning attende.

Foto: Harald VosterFramnesforeininga som steller i stand basaren, har opp gjennom åra gjeve mange gåver som har kome elevar og skule til gode. Både elevar og skulen kan koma med ønske til foreininga. Tidlegare år har dei vore med å kjøpt inn ting både til nytte og hygge for elevane. Døme på dette er informasjons-tv i hallen, mange, gode musikkinstrument, tredemølle til styrkerommet, oppussing av kiosk, møblar til hemsen og matsalen – og endå meir!

Hovudgevinsten i år var ein havkajakk. I tillegg var det mange fine, små og større gevinstar. Medan drøsen gjekk mellom borda, og kaffi, lappar og ymse kaker fann rette vegen, vart det seld retteleg mange årer. Og det var ikkje anna enn årene som kosta! Maten vart gjeven av mange frivillige.

Foto: Harald VosterDette er eit vikitg arrangement for skulen, og me har grunn til å uttrykkje stor takksemd til foreininga som steller i stand denne basaren. Det er mykje arbeid med eit slikt arrangement, og det er langt frå sjølvsagt at nokon tek det på seg! Det gjer også godt for alle partar at Framnesforeininga støttar opp om formål som dei finn tenelege. Dessutan vert basaren ein møteplass mellom bygdefolket og skulen. Det er både viktig og kjekt.

Takk til Framnesforeininga, takk til alle som møtte opp, og takk til alle som har støtta basaren med å gi gevinstar, kjøpe lodd eller lage til mat!


Vinnarliste

1    "Sea Bird" plastkajakk frå Nemo                   Ida Norheim
2    Trefat (kunstmåla av Oddvar Fyllingsnes)     Marit og Arne Lindekleiv
3    Tresnitt av Per Flatøy                                      Inger Sofie og Jostein Moldsvor
4    Hekla sengeteppe                                            Anne Marie Solsvik
5    Elektrisk steiketakke                                       Kari og Mons Heggernes
6    Åkle                                                                 Fam. Espeland
7    Fjellsko                                                            Knut Nilsen
8    Pulsklokke                                                       Ester og Birger Ljones
9    Ryggsekk                                                         Magne Johnsen
10    Bok "Hardanger ei perle i vest"                    Dorthea Mæland