Utekos i snøværetDet laver uvanlig store mengder snø ned her på Framnes om dagene, noko dei aller, aller fleste likar veldig godt. I kveld inviterte miljøavdelinga til aking og kakao-kos oppe i Hegrehaugen tvers over Framneshalvøya. Ca. 15 eksemplar godt kledd norsk ungdom traska i veg oppover, utstyrt med presenning og plastposer som framkomstmiddel. Det viste seg å være litt i overkant mykje snø til å få opp farten, men det fikser ein lett med bil og tau ;o)

Etterpå var det samling rundt "Ole Brum-treet" der det vart servert eksklusiv rett-i-koppen kakao, noko som smakte fortreffeilg godt!

Takk for turen!