Foto: Kathrine KnarvikI perioden då alle nyhetssendingar handla om den store askeskya frå Island, og ingen flyselskap kunne fly, var det eit som trossa dette forbudet. Hjå Framnes Airlines gjekk alle avgangar som planlagd. Framnes Airlines var tittelen på årets russerevy stellt i stand av avgangskullet på Framnes. Konseptet var, som du kanskje allereie har gjetta, ei flyreise, der me fekk helse på mongen forskjellige karakterar undervegs på reisa. Det vart gjensyn med mongen ulike skikkelsar frå personalet og elles i det store verdsbiletet.

Foto: Kathrine KnarvikEtter mykje hard jobbing sidan før jul, var det endeleg tid for at avgangskullet ved skulen skulle få visa fram revyoppsetninga som dei hadde skipa til. Det vart rigga til ein stor scene med tilhøyrande stort lyd og lysopsett på fredags ettermiddag, og store delar av kvelden gjekk med til prøvar og finpuss på dei ulike innslaga. Laurdagen var det tid for generalprøve før den fyrste førestillinga "tok av" på kvelden.

Det var mangen spente skodespelarar som traska rundt i auditoriet i timane før både den første framsyninga, men og den andre på søndagen. Til tross for dette drog dei i land ei framifrå kjekk og morosam forestilling med mykje variert innhald. Blant anna var det ein heil del godt koreograferte dansar som verkeleg laga liv i salen.

Foto: Kathrine KnarvikSjekk ut bildegalleriet for fleire bilete.

 

(PS: Har  du bilete frå revyen? Send dei til
webmaster (snabel-a) framnes.vgs.no, så legg me dei ut!)