Livet går sin gong på Framnes; elevane studerer, lærarane underviser, kjøkkenpersonalet kokar, administrasjonen administrerar. Det er gode dagar. Den siste veka har vore noko så sjeldant som mild, varm og utan regn, noko som har fått austlendingane til å lura på om alle rykta dei høyrde om regnet verkeleg var sanne. Me plar svara dei: Berre vent, snart er november over oss.

Dei 4 første skulevekene er over og elevane har så smått byrja å skjøna at det snart kjem eit lass med prøvar, innleveringar og tentamenar. Misjonsprosjektet slår i frå seg og samlar inn pengar til Tanzania i stor stil. Følg med: misjonprosjekt.no vert lansert førstkomande måndag. Elles kan me melda om mange elevar på onsdags- og søndagsmøta i Peisestova. Dei som kjem er fokuserte og ønskjer å lera meir. Bønnevandringa onsdag 9. septembber var ei ny, men positiv, oppleving for fleire. Det er oppmuntrande å sjå elevar som kanskje aldri før har hatt andre kristne vener og for første gong for utrykkja seg og vera i eit kristent fellesskap. Dei vekst i trua, og som menneske. Dette gjer meining i den ellers så travle og oppstykka kvardagen. Vidare kan me melda at nokre elevar frå mediaklassen frå i dag av vil arbeida med eit prosjekt der dei kjem til å oppdatera denne sida med små og store hendingar og massevis av bilete frå Framneskvardagen. Gled dykk