orginal2

IKEA Åsane har i lengre tid hatt eit utstillingskjøken ståande på Flesland.Då reklameavtalen deira med Avinor gjekk ut, bestemte IKEA seg for å gje bort dette kjøkenet til ein organisasjon som fortener det. Ein tidlegare Framneselev, no IKEA-konsulent, tipsa Miljøavdelinga om konkurransen og oppmoda oss til å senda ein søknad.

Me delte ønsket om å driva ein kafe på Framnes som er både miljøskapande på ein liten skule og i ei lita bygd samstundes som inntektene går til vårt fantastiske misjonsprosjekt i Haydom, Tanzania. Dette fall i god jord på Nyborg: Fire veker seinare er me eit kjøken rikare og svært klar for offisiell opning av kafèen etter haustferien. Følg med for oppdatert info og bilete frå ferdigstillinga av arbeidet. Les meir om kjøkenet på IKEA sine sider. Med dette ønskjer me alle riktig God haustferie!