friluftslivtur_2010_182

Friluftsliv er, til realfaglærarane sin store irritasjon, eit populært fag på Framnes. I friluftsliv er naturen klasserommet og naturkreftene læremeistrane.

Ein vert trena i å tole ulike forhold, presse seg sjølv og ha det kjekt i og med naturen. Frilufsliv 1 (2. klasse) har hatt mange helgeturar allereie denne hausten. No finn du bilete frå både surfetur til Jæren og fjellvandring i Stølsheimen i biletgalleriet. Nokre av elevane har også utarbeida tur-referat eller reisebrev om du vil. Dei fortel om nydeleg natur, godt fellesskap og fantastiske opplevingar for livet. Reisebreva finn du vedlagt denne artikkelen. Last dei ned om du ønskjer du å vite i detalj kva som hender på ein friluftslivtur.

Vedlegg:
Last ned denne filen (192_Jaeren.doc)192_Jaeren.doc[ ]12 Kb
Last ned denne filen (Gudvangen.doc)Gudvangen.doc[ ]21 Kb