Laurdag 30. oktober var det på ny duka for foreldrehelg eller foreldrelaurdag som det også vert kalla. Foreldre i frå fjern og nær kom denne laurdagen for å vitja Framnes, treffa sin håpefulle, gå på foreldresamtale, treffa andre foreldre, få informasjon og oppdatering på kva som hender ved skulen og alt det andre som ein foreldrelaurdag inneheld. For mange nokre foreldre er dette einaste gongen kvart semester dei ser borna sine, så det vart ei helg fylt med gjensynglede og mykje moro. 

 

Misjonsprosjektet brukar alltid foreldrehelgene til å profilera seg. Denne helga var intet unntak. Komiteèn med leiar Johannes Ødegård i spissen kunne tilby alt i fra kajakkar til kaffiposar for å skaffa inntekter til byggjinga av ressurssenteret på Haydom i Tanzania. Dei hadde kafe med åresalg gåande heile dagen, og avslutta med eit flott møte i peisestova der Jon Frydelund frå CRISC engasjerte og inspirerte til utvikling og misjon saman med Tanzaniafararane Johannes Ødegård og Solveig Haldorsen. Over 50.000 kr kom inn til prosjektet denne laurdagen. les meir om dette på misjonsprosjektbloggen. Bilete frå helga finn du i galleriet