Namn: Roald Renså Skjermbilde_2011-02-05_kl._14.49.23
Klasse:
1b
Sivilstatus: Singel
Heimstad: Nesttun, Bergen

Tekst og foto: Solveig Lægreid Haldorsen
Kvifor valde du å gå på Framnes?
Ein viktig grunn for at eg valde Framnes, var fordi det er ein kristen skule. Eg tenkte det ville vore kjekt å gå på ein skule som har dei same verdiane som eg sjølv har, og det er det jo. Tidlegare har eg gått på offentleg skule, og kjende eg var litt lei av det. Difor vart det svært aktuelt for meg å velje ein privatskule.

Noko kjekt ved Framnes/ nokre gode minner?
Fotball og volleyball er noko eg tykkjer godt om, så eg har det veldig kjekt når vi samlast ein gjeng for å spele, noko som ofte skjer. Vi er mykje sosiale her på Framnes, noko som og er positivt. Ellers er alt ved Framnes heilt supert, både skulen, internatet, lærarar, medelevar, og alt anna.

Kva er planane etter Framnes?
Slik det ser ut no har eg ingen planar. Eg har nett begynt i første klasse her, og har heldigvis god tid å tenkje på før eg skal vidare i livet. I andre klasse tenkjer eg å velje realfag slik at eg kan halde omtrent alle dører opne. Så får eg heller sjå kva tida vil bringe.