Skjermbilde_2011-02-05_kl._15.04.15Det regnar mykje for tida. Studiet med lekselesning og prøveøving får sin plass. Me dyrkar dei gode samtalane over kaffikoppen på internatet om kvelden medan det bles og regnar ute.

Andre inneaktivitetar må me også rekna med å fylla dagane med: Førre måndag skipa Miljøavdelinga til Bordtennisturnering på guteinternatet Fjordheim.

Gratulerer til Trygve og Bernt med ein knepen siger over Magnus og Andreas i finalen. Ole Magnus og Sigurd tok ein velfortent bronsemedalje. Bilete er frå sigerseremonien der hovuddommar Olav Kiland hylla deltakarane.

Les meir på denne bloggen.