30 elevar ved Framnes kristne vidaregåande skule var torsdag 10. februar med på ei øving i å evakuere stolheisen ved Eikedalen skisenter. Elevane var markørar for redningsmannskap frå redningssenteret i Bergen. Før dei vart sende opp, hadde dei ei økt på Framnes med redningsleiinga der dei vart informerte om øvinga og kva som var deira oppgåve. Tre redningslag frå Eikedalen og klatregruppa i Bergen brannvesen deltok i evakueringa. Sjå innslaget på Vestlandsnytt her.