Lene_MI helga vitja stort sett det som er av foreldre og føresette Framnes i høve den tradisjonsrike foreldrehelga me arrangerer kvar februar.

Misjonsprosjektet hadde som vanleg mykje program. Les meir om basar, kafe og andre aktivitetar på deira blogg. Me hadde ei fin samling laurdag føremiddag med framsyning av alle 1.-klassingane. Dette til stor glede for mange foreldre som fekk sjå si dotter eller sin son verta presentert. 2.-klassegutane og talentiadevinnarane frå i haust med det plagierte bandnamnet «Lene Marlin» framførde sin eigenkomponerte «4chordsong» til stor forundring for mange. Det var ein kjekk og innhaldsrik dag, som for elevane sin del vart avslutta med bålbrenning på «Verdens Ende» og Hawaii-party i bassenget. Sjå fleie bilete i galleriet eller på Miljøavdelinga på Framnes sin Facebookprofil.