Dei to som du tidlegare såg boltre seg på havet, var Joel og Luke, brødrene til Rebecca (St. James), som var på Framnes søndag 28 sept. for å holde ein mini-intim-konsert.

For ca. 3 månadar sidan var dei her i lag med Rebecca på konserten hennar, men når dei først var tilbake i Noreg, så måtte dei få med seg Framnes ein gong til før dei for heim sa dei. Det kan ein jo godt forstå.

Med seg hadde dei ein produsent og ein låtskrivar som dei hadde jobba med heile veka og skreve ei heil rekke nye songar som me fekk litt smakebitar på. 

Konserten fallt i smak hjå alle og ein kvar i den særs fullsatte peisestova.