1Fitjarbasar
Kvart år arrangerer ein flokk Framnesvener basar på Fitjar.

Inntektene går uavkorta til skulen; der det til ei kvar tid trengst mest. Dette er noko me set stor pris på og ynskjer å heidra med omtale. Fitjarbuane ser kor viktig det arbeidet skulen driv er, og handlar på dette. Korleis skulle Framnes overlevd utan slike eldsjeler?

 

Onsdag 15/3 fekk Miljøavdelinga igjen få lov å koma til Fitjar for å fortelja om skulen, misjonsprosjektet og forkynna frå Guds ord. Det er godt å sjå korleis elevane deltek praktisk, med forteljingar frå kvardagen ved skulen, musikalske innslag og ledelse av eit slikt møte. Miljøarbeidar Håkon Lyngøy sette prikken over i-en med ein framifrå god tale han fekk svært gode tilbakemeldingar på. Det heile kulminerte då alle tidligare Framneselevar, i frå 60-årsjubilantar til 10-årsjubilantar, song «Framnessongen» firstemt. Ein 60-årsjubilant tok ordet og minte oss om «...da ein lære i ungdommen, da sitte.» Sjølv om han meinte songen, var dette ein tankjevekkjande og oppmuntrande bodskap til oss som har vår teneste ved skulen, og kvar dag freistar å «læra ungdommen noko.» Me kan avslutta med å seia at gleda var stor då me torsdagen etter fekk 24.500,- kr på konto. Takk til Framnesvener på Fitjar, og takk for ein flott tur!

Ein finn fleire bilete frå turen på Miljøavdelinga På Framnes si Facebookside.