AnnaogMB_NYDet er vår på Framnes.

Tentamenstid

I går høyrde eg nokon seia: "no vil eg bremsa." Det går visst for fort mot sommarferie for nokon. For andre kunne ikkje dagane gått seinare. Dei forsvinn bort i lesedagar, tentamenar, skippertak og snart eksamenar. Kompetanse vert heva, og karakterar gitt og fått med blanda kjensler. Nokre jublar over nok ein seksar, medan andre feller ei tåre då dei kjem opp i sitt dårligste fag, og kanskje til og med står i fare for stryka. Slik er det å driva skule. I skjæringspunkta mellom alle desse kjenslene har me det likevel kjekt.  Det er midt oppe i dette Miljøavdelinga freistar å møta kvar enkelt der dei er og arrangera oppmuntrande og sosiale aktivitetar. Det herlege vèret sidan påske gav oss høve til både bål, utekino, beachvolleyturnering, møteveker, grilling og cafekveldar mellom anna.

Revy

Russen gjennomførde også ein framifrå god revy, helga før påske. Ein av teknikarane som har vore med på revyane dei siste 6 åra, meinte dette var den beste så langt. Det var det fleire som kunne skrive under på. Lokalavisa Hordaland Folkeblad diska opp med reportasje til dei stolte revysjefane Kristin Trefjord og Kristin Møgster si store glede. Ryktet fortel at DVD frå revyen kjem for sal denne veka. Følg med på Misjonsprosjektet.no for oppdatert informasjon.

Cafe og minikonsert

I kveld er det quizkveld med cafe og minikonsert med 3.-klassing Janne Merethe Melhus. Ho er vidare til landsfinalen i UKM med ein av sangane sine, som du kan høyra og sjå på youtube. I kveld får me heldigvis ha ho heilt for oss sjølve.