Framnes_grilling













Torsdag ettermiddag var dei tilsette samla til grillparty for å lada opp til ei aktiv helg med opning av det nye skuleåret. Både liten og stor sette pris på god mat frå det fantastiske kjøkkenet på Framnes. Geir Johnny Undal (til høgre på biletet) hadde full kontroll på grillen saman med medhjelparane. Det vart servert både kjøttvarer og fisk til ris og salat, og etterkvart vart det kaffi og kaker. Rein luksus!


Det var eit yrande liv på tunet med mykje godt humør og gode samtalar. Dei mange borna på Framnes sette eit ekstra hyggeleg preg på samlinga. Det er håp for framtida!
Foto: Lars A. Oma
Framnes_grilling_4
Is er alltid ein vinnar mellom dei minste!
Framnes_grilling_2
Skal ikkje eg få mat snart?