Foto: Stock.XCHNG

Webmaster ynskjer å benytte anledninga til å ynskje alle elevar og lærere hjartleg velkommen tilbake til Framnes-halvøya. Bak oss ligg ein vel fortent haustferie og foran ligg ei viktig tid fram mot slutten av første termin.

Sidan skulestart dette året har det vore ein del endringar på heimesida. Etter kvart kjem ting til å falle meir og meir tilbake slik som det var i form av at prisar, artiklar og skulerelatert informajson kjem til å bli oppdatert og lagt ut på den nye sida. Ein del har allereie vore flittige og sendt inn bilete frå turar og dei vil om ikkje lenge dukke opp i bildegalleriet på sida. Det er og planlagt at media-klassane på skulen skal bidra med ein del stoff som dei har laga etter kvart. 

Følg med!