Framnesopning_18 257 elevar har teke i mot plass på Framnes dette skuleåret. I løpet av opningshelga var så og seia alle på plass.
Aktivitetsnivået har vore høgt, som vanleg denne spesielle helga. Andre- og tredjeklassingane strålte av gjensynsglede og det vart gjort mykje for at fyrsteklassingane skal kjenna seg heime frå fyrste dag. Tilsette, elevar, foreldre og andre familiemedlemmer gjorde sitt til at det vart ein festdag.
Foto: Lars Arvid Oma

Det gjekk slag i slag ut over dagen, frå morgonen til langt over midnatt. Velkomst, innkvartering, startsamtalar, opningssamling, klassesamlingar, faddermøte, foreldrerådsmøte, kafè, og ei rekkje andre antivitetar.
Ordførar i Kvam, Astrid Farestveit Selsvold, tala til ungdommane på opningssamlinga om viktige symbol, mellom anna spørsmålsteiknet. Ho oppmoda alle om ikkje å slutta å stilla spørsmål i livet, ikkje for å verta usikre – men for å hindra at ein stivnar fast i mønster utan å vita kvifor det blir slik.
På ettermiddagen tok faddergruppene med seg dei nye elevane på ein aktivitetsrunde innandørs, med ei lang rekkje stasjonar med ulike utfordringar. Aktivitetane vart sett i gang med "kick-off"-samling i auditoriet (biletet), saman med miljøarbeidarane og nokre av lærarane.
Dagen vart avslutta med grilling utandørs.
Framnesopning_2Framnesopning_24Framnesopning_28Framnesopning_5
Framnesopning_1
Framnesopning_7
Framnesopning_8
Framnesopning_10
Framnesopning_12
Framnesopning_13
Framnesopning_14
Framnesopning_15
Framnesopning_16
Framnesopning_17
Framnesopning_19
Framnesopning_20
Framnesopning_22
Framnesopning_30
Framnesopning_31
Framnesopning_32
Framnesopning_34
Framnesopning_33