_MG_1876
Frå onsdag til laurdag var klasse 3C på ein alle tiders frisk fiske- og jakttur til Møgster på Austevoll. Elevane fekk truleg opplevingar dei seint kjem til å gløyma. Dei fekk vera med på å fanga over 70 villsau! I tillegg fekk dei nærkontakt med slakteprosessen, med lærar og inspektør Odd Inge Austevoll som primus motor og kyndig fagperson.
Foto: Arne Opsahl-Engen

Det vart også tid til fiske, både frå land og med line frå båt. Fangstrapportane fortel om mykje god fisk. Som om ikkje dette var nok, elevane fekk også prøva seg med leirdueskyting og konkurransar. Kvar kveld vart avslutta med sosiale samlingar med ord for kvelden og underhalding og moro, noko Knut Lasse tok ansvar for.
Og med så mykje jakt og fiske mangla det ikkje god mat. Berre høyr: Sauehjarte, indrefilet av sau, steikt måse, laks, brosme, lange, breiflabb, krabbe og kamskjell.
Ifølgje lærar Magnus Hisdal var det ein flott gjeng å reisa på tur med. God stemning!

_MG_1918
IMG_2063
_MG_1858
_MG_2124
IMG_1890