Framnes_august_209Torsdag 25. august reiste 3A og 3B på tur mot dagens mål, Stekka. Gutane fekk i oppdrag å padla i kano og jentene skulle bruka kart og kompass for å navigera seg fram til rett stad. Med godt humør pakka i sekken, og lasta i kano, drog dei i veg.

Tekst: Elevar som var med på turen

Foto: Håkon Bjelland

 

 

Nokre timar seinare kom dei til Stekka, og bålet vart fyrt opp. Badstue var konstruert og utprøvd med dyktig hand. Med god underholdning, mellom anna ved å prøva å navigera seg frem til rett stad med bind for augene gjennom vatn og over steinar, kunne dei fleste vera samde om at dette hadde vore ein super dag. På tilbakevegen bytta elevane framkomstmiddel. Jentene tok kanoane og gutane brukte føtene gjennom skog og mark.  Alle som ein fann dei vegen tilbake og kunne slå fast at siste året på Framnes no er i gang for dette kullet.

Framnes_august_176

Framnes_august_170