CIMG487224. - 26. august var 2C på padletur til Botnen. Gjengen etablerte leir og sov i lavvo inne i Botnen. Torsdag tok dei turen opp til Jon Skaar, noko alle tykte var ei oppleving. Første dag var regnfull med mykje vind.

Tekst: Sølvi Mongstad

Foto: Sølvi Mongstad og Elisabeth M. Eide

Elevar og lærarar vart køyrde med minibuss til Porsmyr. Turen frå Porsmyr til Botnen var stor nok utfordring for dei som hadde lite padleerfaring. Torsdag og fredag var det strålande sol og nesten ikkje vind. Vi kunne padla heile vegen heim til Framnes fredag, ein tur som tok om lag fem timar inkludert ein lunsjpause på Rossholmen. Alt i alt ein kjempekjekk tur med gode opplevingar for både elevar og lærarar.

 

CIMG4874

IMG_1425

IMG_1491

IMG_1506

IMG_1579

IMG_1686

IMG_1757